Gode moglegheiter for å reise på utvekslingsopphald

Torsdag denne veka var det eit møte med informasjon om moglegheitane for utvekslingsopphald i 8.semester.Fristen for å søke er 15.september.

Tannlegestudent Bente Bakke fortalde om sitt lærerike utvekslingsopphald ved University of Western Cape, Cape Town denne våren. (Foto: Kjersti E Carlsen,UiO/OD)

Studiedekanen informerer om utvekslingsmuligheter
Studiedekan Alix Young Vik fortalde om dei partnarar som kan ta imot utvekslingsstudentar frå Det odontologiske fakultet.(Foto: Kjersti E Carlsen, UiO/OD)

Godt oppmøte

Opp mot 30 studentar frå 6.semester møtte. Dei fekk høre om dei utvekslingsavtalane som Det odontologiske fakultet har. Ni av desse gjelder tannlegestudentar. Studentane kan reise på utveksling i tre månader i vår-semesteret.

Appell

Studiedekan Alix Young Vik oppmoda studentane til å vurdere moglegheiten for å reise på utveksling. Ho sa at alle utvekslingsstadane gir godt utbyte i faget og kompetanse i tillegg. I tillegg framheva ho moglegheiten for personleg utvikling og det å oppleve ein annan kultur og lære språk betre.

Rådgjevar Kjersti E. Carlsen informera på møtet om søknadsprosessen. 

Student Bente Bakke anbefala til slutt tannlegestudentane å ta del av eit semester i utlandet. Ho kunne sjølvsagd spesielt gjerne anbefale eit oppphald ved University of Western Cape.

Kun ein av studentane, som koste seg med pizza og brus under møtet, hadde allereie bestemd seg for å søkje. Men mange hadde spørsmål på møtet.

Av Kjersti E Carlsen
Publisert 2. juni 2017 20:57 - Sist endret 3. juni 2017 13:12