Mange frå OD sprang Holmenkollstafetten

OD deltok med tre lag i Holmenkollstafetten laurdag. Det utgjorde nesten 50  av dei glade lauparane som fylte gatene i Oslo.

Eit lag med studentar og to lag med tilsette representerte fakultetet i den tradisjonsrike stafetten. Veret kunne ikkje ha vore betre og det var god stemning både på vekslingane og ute i løypa.

Alle laga til OD-fakultetet gjorde det bra på resultatlista. Utan å gå i detalj på rangeringa, kan vi røpe at dei tre laga sprang heile stafetten, 18,1 kilometer, på høvesvis 1:16:38, 1:21:44 og 1:23:57. Til samanlikning sprang laget til rektor inn på 1:26:54....

Om nokre undrar seg over at dei OD-tilsette var kledde i blåe skjorter, mens mange andre frå UiO sprang i raude, er den enkle årsaka at primus motor blant dei tilsette ved OD var så tidleg ute med organisering at skjortene var allereie bestilt då UiO tilbød sine raude.

Blåe eller raude skjorter; alle UiO-tilsette var likevel invitert til Universitetshagen ved Juridisk fakultet i sentrum for ei felles tilstelning etter stafetten. Der var det umogeleg å ikkje hyggje seg, med steikande solskinn, pizza og forfriskingar, og glade kolleger. Rektor var og svært nøgd med dagen og arrangementet, som han skriv om i sin blogg.

Deltakarar

Studentane som bidrog til å kaste glans over fakultetet på laurdagen var: Marie Søberg, Emilie Hübert, Alesia Tsiasta, Lisa Lagethon Bjørnstad, Isabella Svahn, Ingrid Paulsrud, Tuva Isebakke, Synnøve Lind, Alina Kuoppala, Bjørn Kyrre Byremo, Astrid Pugerud Ekrem, Bhavdeep Singh, Bente Bakke, Vilde Berg og Sindre Hovland.

Dei tilsette som utgjorde to stolte lag var: Hilde Zwaig Kolstad, Lene K. Antonsen, Astrid Skiftesvik Bjørkeng, Stig Ellingsen, Henriette Kleivane, Natalia Andronova, Linda Bergersen, Kim Urdahl-Aasen, Else Harder, Eva Marie Bakke, Eva Fetscher, Gunn Bjella Sæther, Annelys Alvarado, Kristin Beathe Hansen, Aurora A. Sølna, Bjørn Kristian Liråk, Kenneth Stenshol Hestvik, Hege Bjørkeng, Veronika Edvardsen, Preet Bano Singh, Thomas Norum, Anders Skaare, Hans Jacob Rønold, Leif Erling Jensen, Caspar Wohlfahrt, Trude Handal, Gaute Floer Johnsen, Florian Weber, Alix Young Vik og Pål Barkvoll.

Holmenkollstafetten
Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 9. mai 2018 09:39 - Sist endret 7. feb. 2020 17:01