Boka «Ingen er uskyldig. Antisemittisme på venstresiden» av religionsvitaren Torkel Brekke har vekt stor diskusjon med høg temperatur. Det er lett å forstå. Brekke har skrive ei debattbok med mange kontroversielle påstandar om antisemittisme på venstresida. Boka er sveipande, her er lange linjer og dykk ned i konkrete hendingar. Det er ikkje gjort nokon freistnad på å diskutera alternative hypotesar.
Eg kan ikkje gå inn på substansen i alle dei tema som blir tatt opp innanfor ramma av ei kort melding, men viser til mange kompetente og djupt kritiske innlegg i avisdebattane, alle med offensive tilsvar frå Brekke sjølv. Eg vil nøya meg med å gå inn på dei to viktigaste underliggjande premissa for Brekke si analyse: Hans definisjon av antisemittisme og hans idear om ein jødisk nasjon.
Den fullstendig apologetiske tonen overfor staten Israel sin politikk er av same slag som m-l-rørslas heilt ukritiske haldning til Kina på 1970-talet (…).
Først til definisjonen av antisemittisme. Brekke har valt seg den som er utforma av The International Holocaust Remembrance Alliance (IHRA) i 2016. Den definisjonen er så vid at kritikk av staten Israel for å driva apartheidpolitikk overfor palestinarane og for å sjå grunnlegginga av Israel som ein jødisk stat som ei form for settlarkolonialisme, blir uttrykk for antisemittisme, like eins å ta til orde for boikott som svar på folkerettsstridig okkupasjon.
Det er bakgrunnen for den alternative «The Jerusalem Declaration» frå 2021, underskriven av til saman 336 profilerte, jødiske intellektuelle og andre som arbeider med Holocaust, antisemittisme og jødisk kultur, 36 av dei frå israelske universitet. Skilnaden mellom dei to oppropa er at det siste oppropet har ei liste over kva som ikkje i seg sjølv skal reknast som antisemittisk. Denne lista inkluderer dei tema som er nemnde ovanfor.
Brekke, derimot, reknar alt dette som antisemittisk. Dersom han ikkje skulle gjera det, ville det slå beina under det meste som står i denne boka, til dømes dei heftige utfalla mot norsk fagrørsle i det siste kapittelet. Dessverre grunngir han ikkje kvifor han avviser The Jerusalem Declaration. Det er då heller ingen seriøs diskusjon av jødisk antisionisme.
Den andre grunnpremissen for Brekke si bok er essensialismen i framstillinga av ein jødisk nasjon. Kritikarane av sionismen ser den som eit moderne fenomen frå slutten av 1800-talet. På dette tidspunktet var jødane ein liten minoritet i Palestina, og berre innvandring frå andre land, særleg etter Hitlers maktovertaking og forsterka etter andre verdskrigen, gjorde jødane til ei større folkegruppe i Palestina – og til statsberande frå 1948, då staten Israel vart oppretta og meir enn 700 000 palestinarar fordrivne. Seinare kom dei folkerettsstridige okkupasjonane av Vestbreidda og Gaza, der det har vore utstrekt jødisk nybyggjaraktivitet på palestinsk jord.
Ein kvar jøde, kor som helst i verda har rett til å etablera seg i Israel, men det har ikkje fordrivne palestinarar sidan Israel er definert som ein jødisk stat. Dette kunne jo likna mistenkeleg på settlarkolonialisme, noko Brekke protesterer sterkt mot. Dette går berre i hop ved at Brekke kombinerer ein ekstrem essensialisme og konstruktivisme i analysen.
På den eine sida finn han at den jødiske nasjonen har svært djupe røter, som har overlevd i diaspora i 2000 år (som gir jødane, men ikkje palestinarane, fulle rettar). På den andre sida ser han den sionistiske forma for nasjonalisme som eit konstruert fellesskap frå slutten av 1800-talet (som anna europeisk nasjonalisme, og difor ikkje eit særsyn).
Og det er denne kombinasjonen av essensialisme og konstruktivisme som gjer at Brekke kan skli frå den eine posisjonen til den andre når han skal forsvara ein nasjonalisme som rammar den folkegruppa som vart fortrengt, palestinarane.
«Ingen er uskyldig» er ei agendastyrt bok, utan freistnader på balanserte drøftingar. Høgreradikaliseringa i israelsk politikk dei siste par tiåra er til dømes ikkje blant dei faktorane han nemner som årsak til stadig sterkare Israel-kritikk. I det heile: Den fullstendig apologetiske tonen overfor staten Israel sin politikk er av same slag som m-l-rørslas heilt ukritiske haldning til Kina på 1970-talet, den grupperinga Brekke elles går hardast til felts mot.
Boka inneheld også relevant informasjon om antisemittisme – også einskilddøme på venstresida som kan kritiserast, men eit så alvorleg og viktig tema som antisemittisme ville vore tent med ei grundigare og meir balansert framstilling enn dette.