I desse landa spreier elbilar seg raskast

Landa og regionar der interessa for elbilar er størst, har også høg digital kompetanse.

Prakerte elbiler til lading

Rike land tar i bruk elbilar mykje raskare: Interessa for elbilaer er stor i Noreg. Her parkerte bilar til lading i Oslo. Foto: NTB/ Scanpix

Av Silje Pileberg (frilanser), TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur
Publisert 10. jan. 2025

Å komme i gang med klimavennleg teknologi er viktig for å få fart på grøn omstilling. Men kva område tar raskast i bruk slik teknologi? Forskarane bak ein ny studie har tatt for seg spreiinga av elbilar i 182 regionar i 15 land og sett det opp mot digitalisering og økonomiske forhold. Konklusjonen er klar:

– Elbilar spreier seg raskast i regionar som er sterke på digitalisering, seier Fulvio Castellacci, professor ved TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo.

Rike, digitaliserte regionar på topp

Digitaliseringsgraden, spesielt bruken av smartteknologi i arbeidslivet og heimen,  har ein sterk samanheng med spreiinga av elbilar i studien Castellacci har gjort saman med TIK-kollega Artur Santoalha.

Også økonomi er viktig:

– Samanhengen mellom elbilar og digitalisering er mest openberr i regionar med høgt bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggar, god internett-infrastruktur og ein ung og høgt utdanna arbeidsstyrke. Desse faktorane bidrar både til digitalisering og til at ein raskare tar i bruk grøn teknologi.

Med andre ord: Rike land tar i bruk elbilar mykje raskare enn område med mindre digital utvikling og dårlegare økonomi, ifølgje Castellacci.

– Vi trur at folks bruk av digitale verktøy i kvardagen gjer dei meir interesserte i elbilar og dermed meir villige til å skaffe seg dei.

Portrettfoto av Fulvio Castellacci.
Fulvio Castellaci

Forskjell på California og Calabria

Det er i dei mest utvikla urbane regionane i USA og Canada at interessa for elbilar er størst, ifølgje forskarane.

I dei minst utvikla rurale regionane i Sør-Europa er det motsett.

– I studien løftar vi fram skilnaden på California i USA og Calabria i Sør-Italia. Dette er rikaste og fattigaste region i materialet. I desse regionane ser vi ein stor forskjell på utviklinga i elbilinteressa dei siste åra.  

Medan interessa for elbilar i California har vakse jamt og trutt sidan 2010, er kurva for Calabria lav og nokså flat.

Har studert søkemønster på Google

Dataa forskarane har lagt til grunn, er henta frå Google Trends. Verktøyet samlar Google-søk på internett i ulike land og regionar og er godt eigna til å måle framvekst og spreiing av nye fenomen, ifølgje professoren.

– Når nye sosiale trendar eller ny teknologi begynner å dukke opp, søker folk informasjon. Tidlegare studiar har vist at søkemønster i Google er ein god indikator på interessa og viljen til å ta i bruk ny teknologi, seier Castellacci.

Perioden forskarane har studert, er 2010-2023, og alle dei 182 regionane er i Nord-Amerika eller Europa. Også Norge er med.

Subsidiar kan sparke ting i gang

På grunn av typen data Google Trends gir, kan ikkje datamaterialet brukast til å samanlikne og rangere alle regionar og land i forhold til kvarandre.

Men når det gjeld Noreg, er det godt kjent at interessa for elbilar er stor. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var omtrent kvar fjerde norske bil ein elbil i 2023. Dette gjev nordmenn ein av verdas reinaste bilparkar.

Noreg har både pengar og høg digitaliseringsgrad. Styresmaktene har også gitt store subsidiar til elbilmarknaden, noko Castellacci meiner har vore ein klok politikk.

– Subsidiar er viktige i ein tidleg fase fordi dei bidrar til å senke prisbarrierane og akselerere etterspurnaden. Når etterspurnaden stig, fører dette til større investeringar, for eksempel fleire ladestasjonar. Tidlege subsidiar kan sparke i gang det som på sikt blir ein storskala overgang til ein reinare bilpark, seier han.

Risiko for at forskjellar blir forsterka

TIK-studien er den første som kartlegg interessa for elbilar i såpass mange land og regionar, og det er også den første studien av samanhengen mellom elbilar og digitalisering.

At graden av digitalisering påverkar grøn omstilling generelt, er kjent frå tidlegare. På fagspråket kallast denne felles transformasjonen «twin transition».

Ein slik samanheng er ikkje uproblematisk, ifølgje Castellacci.

– Risikoen er at ein slik «twin transition» vil forsterke eksisterande skilnader mellom rike og mindre utvikla regionar, fordi rike regionar då har større sjanse til å nyte fordelane av grøn omstilling. Mindre utvikla og mindre digitaliserte regionar vil oppleve grøn omstilling vanskelegare og vil derfor bli meir utsette for miljøøydeleggingar.

Billege elbilar spreier seg i Kina og India

Likevel: Det finst fleire eksempel på at også utviklingsland tar i bruk ny teknologi. I for eksempel Kina og India har utbreiinga av elbilar vakse raskt siste åra.

– Styresmaktene sin politikk er viktig. For eksempel kan dei skape insentiv til produksjon og bruk av ny teknologi, eller legge restriksjonar på bilar med høge utslepp. Dette er noko som ein i dag diskuterer mykje både i Kina og India.

I desse landa ser ein også ei aukande utbreiing av billege elbilar.

– Det å utvikle elbilar som folk har råd til, er og vil bli viktig. Då kan slik teknologi spreie seg breitt også i utviklingsland, seier Fulvio Castellacci.

Publisert 10. jan. 2025 09:50 - Sist endret 9. nov. 2025 20:57