Etter at KI rulla inn over musikkbransjen, ringer alarmbjellene hos dei som vil bevare musikkmangfaldet.
Doktorgradskandidat Fadi Al-Ghawanmeh på RITMO-senteret ved Universitetet i Oslo, jobbar for å hindre at maqãm, tradisjonell arabisk musikk, kollapsar.
– Teknologi trugar arabisk musikk. Det har vi sett over tid. Vestlege løysingar har ført til ei skeivheit i musikkproduksjonen, og vi ser ei endring i musikksmaken til mange arabarar, seier Al-Ghawanmeh.
Særeigne tonar forsvinn frå maqãm

Bilete: Melissa J. Scott.
Han merka utfordringane allereie då han som ung musikar i heimlandet Jordan brukte industristandarden MIDI (Musical Instrument Digital Interface), introdusert i 1983. MIDI registrerer notar i eit digitalt musikkformat, slik at synthesizerar, trommemaskiner og andre elektriske instrument kan snakke saman.
Men det er berre dei vestlege tonane som er med: dei vi kjenner som svarte og kvite tangentar på eit piano.
Maqãm har også tonar som ligg imellom desse – ein oktav inneheld der 24 tonar, i staden for tolv.
– Fordi teknologien ikkje på ein lett måte støttar mikrotonane i maqãm, har folk, også musikarar, begynt å miste dei, seier Al-Ghawanmeh.
Laga eit datasett med arabisk musikk
Med KI-generert musikk er trugsmålet enda større. Dagens KI-modellar baserer seg på datasett med stort sett vestleg musikk.
Al-Ghawanmeh bestemte seg for å lage eit nytt datasett. Saman med lokale musikarar i Amman, hovudstaden i Jordan, samla han timesvis musikkimprovisasjon og utvikla eit verktøy for å omsetje det til tekstlege datasett.
Så laga han ein maskinlæringsmodell som kunne generere musikk basert på datasetta.
I det vidare arbeidet ville han undersøke korleis lyttarar i Oslo og Amman reagerte på maqam-musikk. Slik ønska han å komme enda nærmare svaret på korleis musikken kan leve vidare – også i kulturar der han er mindre kjend.

Bilete: Fadi Al-Ghawanmeh
Ørsmå kroppsrørsler fortalde om musikkpreferansar
Maqām er utbreitt i Midtausten og Nord-Afrika og kjent for å skape ei intens emosjonell og fysisk involvering. Mange blir begeistra og oppglødde, ein tilstand som på arabisk blir kalla «tarab».
30 personar i Oslo og 30 personar i Amman fekk lytte til det same åtte minutt lange improvisasjonsstykket. Dei hadde på seg hovudtelefonar med eit innebygd akselerometer, ein sensor som registrerer lyttarane sine mikrorørsler. Dette er ørsmå rørsler som kan skje ubevisst når vi lyttar.
– Frå tidlegare forsking veit vi at det er ei kopling mellom rørsle og musikalsk oppleving. Dette fekk vi også bekrefta gjennom lyttarane sine tilbakemeldingar i etterkant, seier Al-Ghawanmeh.
Lyttarane i Oslo hadde i stor grad det same rørslemønsteret som dei i Amman: Meir spenning i musikken, og også innslag av perkusjon, betydde meir rørsle. Men generelt rørte deltakarane i Oslo langt mindre på seg enn i Amman.
Ikkje overraskande, ifølgje forskaren.
– Gruppa i Amman kjende musikkstilen frå før. Då er det naturleg at dei rører meir på seg.

Bilete: Neerja Thakkar
«Den lyden minner meg om jul»
På enkelte tidspunkt registrerte akselerometeret likevel større rørslehopp i Noreg enn i Jordan. Dette var ved ein bjellelyd som blir repetert fleire gonger i musikken.
– Ein av lyttarane i Oslo sa at lyden minte han om jul. Det var desember på dette tidspunktet, og lyttarane var i eit rom med store vindauge ut mot snødekt skog. Det å kjenne igjen element i musikk som elles kan verke framand, kan auke engasjementet.
– Kvifor er det slik?
– Vi veit at vi responderer kroppsleg til lydar vi kjenner att. Akkurat kvifor, er vi ikkje sikre på, men noko av det handlar nok om minne som blir vekte i oss og som skaper kjensler.
Å leggje inn innslag av kjende element kan altså vere ein måte å skape interesse for ein elles ukjend musikktradisjon på, ifølgje Al-Ghawanmeh.
Musikken kan tilpassast lyttaren
Slik artistar kan observere publikum og gje dei meir av det dei likar, kan KI-verktøy nytte akselerometer-teknologien til å tilpasse musikk til lyttaren. Dette kunne Al-Ghawanmeh konkludere med fordi han såg at lyttarane sine rørsler stemte overeins med preferansane dei uttrykte i intervjua.
Allereie i dag finst det appar som bruker slik teknologi, for eksempel ved å justere treningsmusikk til rørslene dine.
– Vi kan like det eller ikkje, men stadig meir musikk blir laga av maskiner. Eg har jobba for å ta vare på ein musikktradisjon som da står i fare for å forsvinne, seier Al-Ghawanmeh.
– Teknologi er aldri nøytralt
Alexander Refsum Jensenius, professor i musikkteknologi, leiar ved RITMO og ein av Al-Ghawanmeh sine vegleiarar, er glad for at eit stort maqãm-datasett – som er ope og tilgjengeleg – no er på plass.
– Teknologi er aldri nøytralt. Anten det er snakk om ein ostehøvel eller ein språkmodell, tar teknologiske verktøy med seg kulturen og preferansane til produsentane. Maqãm er ein stor og rik musikktradisjon, men han er underrepresentert i musikkdatasett fordi mesteparten av forskinga på musikkteknologi har skjedd i Vesten. Derfor er dette arbeidet viktig, seier Jensenius.
Avhandlinga er eit samarbeid mellom University of Lorraine i Frankrike, University of Jordan og Universitetet i Oslo.