Lærarane opplever arbeidet sitt som meiningsfullt, viser ei ny undersøking.
Norsk skule er framleis prega av positive relasjonar, samarbeid og autonomi. TALIS24 viser også at både lærarar og rektorar melder om meir stress.
Det kan vi lese av dei ferske talla frå TALIS24, som studerer arbeidskvardagen til lærarar og rektorar på ungdomsskuletrinnet. TALIS står for Teaching and Learning International Survey.

Samstundes seier færre at meiningane deira blir lytta til av leiarane, og at dei i mindre grad kan påverke utdanningspolitikken.
– Berre 18 prosent av lærarane meiner at lærarprofesjonen er verdsett i samfunnet, seier Mark Christopher White.
Han er prosjektleiar for den norske delen av TALIS og forskar ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS).
Lærarar er verdsett av elevar og foreldre, men ikkje i samfunnet
– Tre av fire lærarar føler seg verdsett av elevar og foreldre. På spørsmål om lærarane er tilfreds med jobben sin, skil forskarane mellom å vere nøgd med sin noverande jobb og med læraryrket generelt. Fleirtalet av dei som svarte på TALIS24 er nøgd med jobben sin, fortel han.
Og legg til:
‒ Vi ser ein tydeleg nedgang i tilfredsheita med læraryrket.
Samstundes aukar fråværet blant lærarane, som kan auke stresset blant lærarar. Lærarar og rektorar rapporterer meir stress og negative helseeffektar. Rektorane melder òg om auka lærarfråvær og peikar på det å ta over oppgåvene til fråverande lærarar som ei viktig stresskjelde.
– Om stress gir fråvær, og fråvær gir meir stress, kan ein vond sirkel oppstå, seier White.
Set høgare krav til læraren
Frå 2018 til 2024 har delen av elevar som strevar med norsk, er fagleg svake eller har andre spesielle behov eller åtferdsvanskar, auka, skriv forskarane i rapporten.
– Lærarsvara avdekker ei stor endring i elevgruppa i Noreg, seier White. Klasseromma er fagleg og kulturelt meir samansette enn før.
Fleire klassar krev no meir av lærarane i tilpassa undervisning, seier White.
– Slik sett har Noreg vorte likare dei andre TALIS-landa. Historisk har Noreg vore mindre mangfaldig og heterogent enn andre land, seier forskaren.
Lærarutdanninga held god kvalitet
Nyutdanna lærarar opplever høgare kvalitet i lærarutdanninga og får meir oppfølging i skulen. TALIS24 visar også at nyutdanna blir følgt opp betre enn 2018.
► Les heile rapporten på TALIS` nettsider.
Ein versjon av saka er publisert hos forskning.no
Kort fortalt om TALIS
• Teaching and Learning International Survey (TALIS) er ein internasjonal OECD-studie av undervisning og læring, som undersøkjer yrkeskvardagen til lærarar og skuleleiarar.
• Studien blir gjerne kalla lærarane og rektorane si undersøking.
• Undersøkinga skal gje innsikt i viktige aspekt som kjenneteiknar arbeidsforholda til lærarar og skuleleiarar i 55 deltakarland.
• Tema i den siste versjonen av undersøkinga var mellom anna lærarane og skuleleiarane sin utdanningsbakgrunn og yrkeserfaring, tilfredsheit med jobben, statusen til lærarar og bruk av digitale ressursar, inkludert kunstig intelligens.
• Studien vart gjennomført for fjerde gong i 2024. Seinare i år kjem tala for tilsette i barnehagen.
Les meir
- Om TALIS-undersøkinga på Utdanningsdirektoratets nettsider