
Foto: Arthur Jinyue Guo.
Har du nokon gong stoppa og lytta til bakgrunnslydane i rommet du er i? Summinga frå ventilasjonen, eller «bzzz»-lyden frå elektriske apparat? Arthur Jinyue Guo, forskar ved RITMO Senter for tverrfaglig forskning på rytme, tid og bevegelse, har funne at slike lydar kan påverke oss meir enn vi anar.
Nyleg kom han over det som kan vere eit fascinerande eksempel, då forskarkollegaen David Løberg Code kom frå USA til Noreg for å jobbe. Code har ei evne som berre ein liten minoritet av oss har: evna til absolutt gehør. Han kan kjenne att eller lage ein bestemt tone utan hjelp utanfrå.
Men i Noreg merka Code at han trefte ein lågare tone enn i USA. Gehøret var brått upåliteleg.
For musikkforskarane på RITMO, inkludert Code sjølv, vart det ei gåte: Kvifor skjedde dette? Kunne det skuldast at noko var annleis i innandørsmiljøet i Europa?
Lyden kan trekke oss til seg
For å undersøke effekten av bakgrunnslydar, har Guo og kollegaene samla lydopptak frå rom som kjøkken, stover og togstasjonar verda over, pluss videoopptak som registrerer folks rørsler i dei same romma.
Ved hjelp av maskinlæringsalgoritmar som han sjølv har utvikla, har Guo funne mønster i data som fortel om korleis vi ubevisst blir påverka av lydane rundt oss.
– Eitt av funna vi gjorde, var at retninga lyden kjem frå, påverkar oss. Det har for eksempel noko å seie om ventilasjonssystemet er midt på taket eller på sida av rommet, eller kanskje på begge sider. Vi såg at folk ubevisst flytta seg mot den delen av rommet som lyden kjem frå, sjølv om dei hadde fått beskjed å stå i ro, seier Guo.
Det elektriske anlegget kan hjelpe med å finne tonen
Det ein skulle tru var ein lite engasjerande lyd – lyden av eit ventilasjonssystem – kan altså ha ein tiltrekkingseffekt på oss. Men kva har dette med absolutt gehør å gjere?
På e-post frå USA fortel David Løberg Code at han har undervist i gehørlære i over 30 år. Då lærer han studentane å finne 440 hertz (Hz), som den internasjonale standarden når ein skal stemme tonen A. Han er overtydd om at alle kan lære seg å finne minst éin tone utan hjelp; ein må berre vite korleis ein gjer det.
Når dei øver, ber han dei bruke alle assosiasjonane dei har til tonen: korleis han kjennest i halsen, lydminne frå orkesterframføringar og så vidare. Men han ber dei også om å sitje stille og lytte til lyden frå det elektriske anlegget. Ut frå vanlege stikkontaktar kjem det nemleg såkalla vekselstraum, der straumen skiftar retning fram og tilbake heile tida.
I USA skjer denne fram- og tilbakerørsla 60 gonger i sekundet, eller med ein frekvens på 60 Hz. Denne frekvensen gjev ein lyd i elektriske apparat i USA som er tett opp mot tonen H1 (eittalet viser oktavleiet).
– Den elektriske summelyden i rommet kan altså bli brukt som ein referansetone for å finne 440 Hz, skriv Code.

Foto: Arthur Jinyue Guo
Rytmen i rommet påverkar oss
I Noreg fekk Code etter kvart ein hypotese om at skilnader i straumnettets frekvens påverka han. Og ifølgje forskinga til Guo, er ikkje dette usannsynleg.
– Vi har sett at rytmen i eit rom har stor påverknad på oss. Og med rytme meiner vi ikkje berre ein danserytme som swing eller cha-cha-cha. Lydar vi knapt tenker over, har også ein rytme. Elektrisitetsfrekvensen er eitt eksempel på dette, seier Arthur Jinyue Guo.
Men denne er ikkje lik verda over. Medan straumnettet i Nord-Amerika har ein frekvens på 60 Hz, er frekvensen i Europa og Noreg 50 Hz. Det betyr at «bzzz»-lyden frå ventilasjonsanlegg eller kjøleskap høyrest ørlite grann annleis ut.
“Når elektrisitetsfrekvensen endrar referanselyden, kan dette truleg også påverke gehøret,” seier Guo, men understrekar at forskarane ikkje har konkrete funn på akkurat dette enno.
Konsekvensar for arkitektur og interiørdesign?
Berre eit fåtal av oss har ei evne til absolutt gehør, og Guo har det sjølv ikkje, men likevel: Alle kan vi bli påverka av lydane i rommet rundt oss, fortel han.
– Dette burde få konsekvensar for både arkitektur og interiørdesign. Når ein byggjer førelesingssalar på universitet, for eksempel, må ein i dag passe på støynivået. Våre funn tydar på at det er fleire ting å ta omsyn til, seier han og legg til eit eksempel:
– Når vi designar eit ventilasjonssystem, handlar det ikkje berre om at det må lage lite lyd. Vi burde også tenkje på at det bør plasserast midt i rommet. Då vil det ta mindre merksemd enn om lyden berre kjem frå éi side.
Fann igjen tonen etter tre månader
Etter tre månader i Europa fann David Løberg Code tilbake til sine gamle evner. Kanskje hadde han justert seg til den europeiske frekvensen?
Så reiste han attende til USA, der han held fram med å lære bort det han sjølv har klart – utan sikkert å vite korleis – heilt sidan barndommen. Etter eit par vekers øving, klarer studentgruppene vanlegvis godt å stemme i 440 Hz, fortel han.
Men han har merka seg éin ting:
– Gruppa presterer ofte dårlegare når det har vore torevêr natta før. Min teori er at det elektriske torevêret kan forstyrre bakgrunnslyden på 60 Hz og slik hindre dei i å treffe rett tone.
Sikkert er det ikkje, understrekar Code.
Men ein interessant teori? Absolutt.