English version of this page

Delta i internasjonal pitchekonkurranse i livsvitskap!

UiO:Livsvitenskap håpar å få med norske finalistar i pitchekonkurranse i samband med teknologikonferansen SLUSH i Helsingfors 5. desember. Vinnaren får 30 000 euro. Livsvitskapsstudentar og -forskarar som allereie har starta eller planlegg å starte bedrift, er velkomne til å søke innan 1. oktober.

Er du allereie i gang med å omsette ideen din til handling? Dette er pitchekonkurransen for deg! 

UiO:Livsvitenskap er medarrangør av pitchekonkurransen i livsvitskap under SLUSH-konferansen i Helsingfors i desember.

Vinnaren av konkurransen får 30 000 euro til å ta ideen sin vidare.

Åtte av søkarane blir plukka ut til å delta i finalen i Helsingfors 5. desember. Desse vil får profesjonell pitchetrening og billett til SLUSH.

SPARK Norway-team oppmoda om å søke

Prosjektleiarane i teama i UiO:Livsvitenskap sitt innovasjonsprogram SPARK Norway er blitt spesielt oppmoda om å søke, men òg andre frå UiO, eller andre norske institusjonar, er velkomne til å prøve seg.


Om SLUSH, Y Science og pitchekonkurransen i livsvitskap

  • SLUSH er ein årleg startup- og teknologikonferanse i Helsingfors. I år går den av stabelen 4.–5. desember. I 2017 hadde konferansen 20 000 deltakarar, inkludert 2600 oppstartsselskap, 1500 investorar og 600 journalistar frå 130 land.
  • Satellittarrangementet Y Science gikk av stabelen for først gang i fjor med HiLIFE Helsinki Institute of Life Science ved Helsingfors universitet i spissen. Målet er å bringe saman forsking og næringsliv for å inspirere til nyskaping for samfunn og næringsliv. I år er arrangementet eitt av sju offisielle satellittarrangement til SLUSH,
  • Pitchekonkurransen i livsvitskap er ein del av Y Science. Konkurransen er eit samarbeid mellom fleire universitet og finske KASKAS media. I fjor kom det inn 1150 søknader og arrangementet hadde 6–800 deltakarar. UiO:Livsvitenskap er medarrangør for første gang i år.
Av Norunn K. Torheim
Publisert 24. sep. 2018 08:03 - Sist endra 24. sep. 2018 08:03