English version of this page

Livsvitskap: Informasjons- og innspelsmøte om finansiering av nye konvergensmiljø

Vil du vere med på søknadsprosessen i 2018/2019 for finansiering av nye tverrfaglege forskingsgrupper innan livsvitskap? Då bør du melde deg på eitt av møta UiO:Livsvitenskap held i slutten av mai.

Møta var halde 24. 28. og 30. mai.

Forside strategi livsvitenskap
Last ned strategien (pdf).
Tidlegare direktør, no styreleiar for UiO:Livsvitenskap, Finn-Eirik Johansen, som leia søknadsprosessen for konvergensmiljø i 2016/2017, leiar prosessen for 2018/2019 fram til Carl Henrik Gørbitz er på plass som direktør i august.
Agenda for møta:
• UiO si satsing på livsvitskap generelt.
• Kva kan vi oppnå med konvergensmiljøa?
• Kva kan støtte konvergensmiljøa få?
• Skisse til søknadsprosess med evalueringskriterium og tidslinje.
Det blir mogleg å stille spørsmål og kome med synspunkt og tilbakemeldingar på dette punktet.

UiO:Livsvitenskap finansierer i dag sju konvergensmiljø – tverrfaglege forskingsgrupper som jobbar med å løyse store samfunnsutfordringar innan helse og miljø. Konvergensmiljø har fått til saman 70 årsverk med stipendiat- og postdoktorstillingar samt 20 millionar i driftmidlar over fire år frå UiO:Livsvitenskap – i tillegg kjem betydelege eigendelar frå grunneiningane som deltek .

Les meir om dei sju konvergensmiljøa

Prosessen open for innspel

No startar prosessen som skal ende opp med at 4–6 nye konvergensmiljø får finansiering. Som førre gongen inviterer vi til møte der vi presenterer skisse til søknadsprosess med kriterium og tidsfristar. Her er det fortsatt er mogleg å kome med innspel før styret for UiO:Livsvitenskap vedtek endeleg prosess.

Noko av det styret har diskutert er: korleis vi skal få sterkare innslag frå humaniora og samfunnsvitskap i konvergensmiljøa; kor mykje innovasjon og utdanning skal telle; kjønnsbalanse; forankring i grunneiningane; og sist, men ikkje minst, kva møteplassar vi må ha for å legge til rette for at forskarar møter kvarandre på tvers av fag for å etablere nye samarbeid.

Av Norunn K. Torheim
Publisert 8. mai 2018 13:22 - Sist endret 19. juni 2018 23:17