Etterlengta opningsseminar for Sivilsamfunn i Norden

Fredag var det duka for opningsseminar for «Sivilsamfunn i Norden», ei av dei ferskaste forskargruppene ved UiO:Norden.

Ruth Hemstad, Tore Rem, Sunniva Engh og Klaus Nathaus under opningsseminaret for forskargruppa «Sivilsamfunn i Norden».

Ruth Hemstad, Tore Rem, Sunniva Engh og Klaus Nathaus under opningsseminaret for forskargruppa «Sivilsamfunn i Norden».

Foto: Hanna Huglen Revheim, UiO.

– Då vi byrja i januar låg det an til at dette prosjektet skulle gå på skinner. Men to dagar etter vårt første arrangement, stengde landet ned som følgje av korona, sa Sunniva Engh, prosjektleiar for forskargruppa «Sivilsamfunn i Norden. Globale, transnasjonale og regionale interaksjoner etter 1800».

Eit halvt år seinare kunne prosjektleiaren endeleg ønskje velkommen til forskargruppa sitt opningsseminar.

På programmet stod mellom anna foredrag av professor i jus, Inger-Johanne Sand, og professor i historie, Klaus Nathaus. Samt presentasjon av bokserien «Nordic Studies in a Global Context». Om lag 40 personar var samla til seminaret, både digitalt og som deltakarar i salen.

Tida under korona-nedstenginga er ikkje blitt liggande ubrukt, fortel Eng.

– Som mange andre har vi opplevd at arrangement blei avlyst eller utsett. Samtidig blei det i denne relativt stille perioden ledig rom for viktig arbeid, mellom anna med digital kommunikasjon og tilsetjingar, sa Engh.

Gratulasjonar

Forskargruppa fekk også med seg lovord frå direktøren for UiO:Norden, Tore Rem.

Han gratulerte forskargruppa med eit spanande prosjekt.

– Det passar aldri når sjukdom eller ein pandemi bankar på døra. Eg er veldig glad for at dykk i dag gjennomfører konferansen, sjølv om det har kravd ekstra arbeid, sa Rem.

Direktøren la vekt på at det er viktig å oppretthalde ein normalitet i ein unormal kvardag.

– I år har det vore mykje snakk om samfunnskritiske funksjonar. Her spelar også forskinga ei rolle. Dette er ei imponerande forskargruppe, dykk er alt på god veg, sa Rem, og la til:

– Vi er genuint spente på kva som vil komme fram gjennom forskinga. Vi er glade for at dykk tilhøyrer UiO:Norden-fellesskapen. Saman skal vi rekke ut med ny kunnskap og forståing av kva Norden er.

Sivilsamfunn i Norden

«Sivilsamfunn i Norden. Globale, transnasjonale og regionale interaksjoner etter 1800» er ei av ti forskargrupper ved UiO:Norden.

Målet for denne forskargruppa er å gje auka innsikt i sivilsamfunnets betydning i nordiske samfunn. Forutsetninga er at både Norden og den nordiske modellen er relasjonelle og konstruerte fenomen, og at dei endrast over tid.

30 forskarar deltar i prosjektet. Dei kjem frå eit vidt spekter av fagfelt, som historie, jus, medisin, statsvitskap, retorikk, filosofi, sosiologi og litteraturvitskap. I forskinga undersøker dei sivilsamfunn både i og utanfor dei nordiske landa, gjennom ei historisk, transnasjonal og komparativ tilnærming.

Sunniva Engh er prosjektleiar for forskargruppa, saman med medprosjektleiarane Klaus Nathaus og Ruth Hemstad.

Publisert 9. okt. 2020 19:31 - Sist endret 9. okt. 2020 19:31