Jakta på den nordiske lykka

Trass vinterkulde og mørketid, i år etter år blir dei nordiske landa rangert blant verdas lykkelegaste av FN. Korleis kjem dette til uttrykk i samfunna våre?

Bildet kan inneholde: mennesker i naturen, himmel, silhuett, aurora, atmosfære.

Lykkelege i nord: Landa i Norden blir ofte rangert på topp i FNs lykkeindeks.

Foto: Colourbox.no

Tenk som nordmenn, skreiv The Guardian då dei ville rådgje lesarane sine i korleis best takle kombinasjonen av mørk vinter og strenge koronarestriksjonar.

Bildet kan inneholde: person, hår, frisyre.
Ragnhild Bang Nes. Foto: UiO.

Skal vi tru britane, er vi nordmenn lykkelege fordi vi er gode til å tilpasse oss dei kalde realitetane i nord. Denne førestillinga er ikkje heilt ute på viddene, fortel Ragnhild Bang Nes, lykkeforskar ved Folkehelseinstituttet og Psykologisk institutt ved UiO.

For sjølv etter at landet stengde ned, er det ikkje teikn til store endringar i korleis nordmenn har det – jamt over trivst vi ganske godt.

– Folk var meir bekymra i mars og april, men no er tala ganske like som før, seier Bang Nes.

Ho meiner dette truleg kjem av vi har justert forventningane våre og derfor finn meir glede i det vi har rundt oss.

– At det kjem nyheiter om vaksiner som er på veg, gjer kanskje at vi toler dei nye restriksjonane betre.

Oppskrifta på lykke

Fem steg til lykkekjensla:

1) Knyt band. Vi er flokkdyr og er avhengige av kvarandre. Bruk tid på relasjonane dine, både nære og fjerne. 

2) Fysisk aktivitet. Trening er ein mirakelkur for hjerne og humør.

3) Ver oppmerksam. Å vere tilstade der du er, har ein positiv effekt. Fokuser på det du har rundt deg, og reflekter over korleis du har det inni deg. 

4) Lær deg noko nytt. Å lære noko nytt gir oss glede. Det treng ikkje vere så avansert. Prøv ei ny oppskrift, lær deg å strikke eller les om noko du ikkje kan frå før.

5) Gi. Bidra, samarbeid og sett av tid til å hjelpe andre. Det kan vere dugnad, handlehjelp eller å spørje korleis andre har det. Vi haustar ofte meir glede av å gjere noko godt for andre, enn for oss sjølv.

Tysdag 24. november deltok lykkeforskaren på UiO:Norden-samtalen, med Harald Eia, Tori Loven Kirkebø og Tore Rem. Temaet for panelsamtalen var: Finnast det ei oppskrift på lykke?

Ja, meiner Bang Nes.

– Det finnast ikkje berre ei oppskrift, men fleire. Og vi kjenner mange av ingrediensane.​

(Gjekk du glipp av webinaret? Opptak ligg lenger ned i saka.)

Å oppleve lykke handlar om å trivast i eige liv. Då vil ein oppleve fleire gode kjensler og gjere fleire gode aktivitetar, forklarar lykkeforskaren.

– Kan vi bli for opptekne av lykke?

– Definitivt. Den strategiske lykkejakta heng ofte saman med folk er mindre lykkelege. Har du veldig høge forventningar til korleis livet skal bli, seier det seg sjølv at dei blir vanskelegare å innfri. Å vere oppteken av eiga lykke kan gjere at vi bli mindre oppmerksame på andre. Lykka har ofte sosiale kjelder.

Kanskje har evna til å justere og tilpasse vore ein særleg fordel i år. Bang Nes fortel om ei britisk undersøking der berre ni prosent svarte at dei ønskja seg tilbake til kvardagen slik livet var før pandemien. No blir det same spørsmålet stilt til 55.000 nordmenn.

– Det betyr ikkje at folk liker å leve under strenge restriksjonar, men at kvardagslivet slik vi kjente det før heller ikkje var perfekt.

Lykkeleg branding

Sidan FN først publiserte lykkeindeksen i 2012, har dei nordiske landa vore i tet. Kort fortalt, visar indeksen kor tilfredse innbyggjarane i ulike land svarar at dei er. Ei slags måling på gjennomsnittleg tilfredsheit.

Bildet kan inneholde: halskjede, hår, ansikt, øyenbryn, frisyre.
Tori Loven Kirkebø. Foto: UiO.

– Når eit land ligg på topp over tid, som Noreg gjer på lykkeindeksen, bidrar det til ei forteljing om at dette landet er betre enn andre. Dette påverkar både sjølvbiletet og sjølvforståinga vår, og kan også vere ein faktor i korleis Noreg marknadsførar seg i internasjonale fora som FN, seier Tori Loven Kirkebø.

Ho er forskar ved institutt for offentleg rett ved UiO, og er ein del av UiO:Norden si forskargruppe Nordic Branding. Der forskar ho mellom anna på korleis dei nordiske landa drar nytte av lykkeindeksen.

– Topplasseringane blir mellom anna brukt til å argumentere for at eit lands politikk er vellykka. Dersom det er eit felt der landet ikkje ligg i toppsjiktet, kan dette brukast som argument for å innføre ny politikk. Til dømes skjedde dette då kunnskapsløftet blei innført i Noreg, etter måtelege PISA-plasseringar, forklarar Loven Kirkebø.

Ifølgje forskaren er viktig at rapportar som lykkeindeksen blir plukka frå kvarandre i forsking.

– Vi bør stille kritiske spørsmål til kva som er formålet med rangeringane. Både fordi dei til dels kan ha stor påverknad på politisk utvikling, men også i forståinga av kva som er ein vellykka samfunnsmodell.

Lykkelege samfunn

Eit fellestrekk mellom dei lykkelege, nordiske landa er at dei alle har ein fungerande velferdsstat. Samfunn med mindre forskjellar er oftare lykkelegare, fortel Bang Nes.

– Urettferdigheit og ulikheit er lykketjuvar. Vi i Norden er spart for mykje uro. Vi veit at vi får hjelp om vi blir sjuke, og at barna våre kan velje høgare utdanning sjølv om vi har dårleg råd. Tillit til systemet og kvarandre er ein nøkkel.

Lykkeforskaren skildrar livet i Noreg som ein lagsport. Ho meiner vi tidlegare har vore gode på å halde laget samla, men at tal frå det siste året tydar på av livskvaliteten er blitt skeivfordelt. Rundt 16 prosent av befolkninga opplever dårleg livskvalitet langs fleire dimensjonar. Dette utgjer rundt 700.000 vaksne på landsbasis.

– Sjølv om talet på einsame i Noreg har vore jamt stabilt i ti år, så betyr ikkje det at einsamheit ikkje er eit dødeleg folkehelseproblem. Dette er noko vi må ta tak i. Som samfunn må vi satse på psykisk helse og livskvalitet. Det kostar for mykje liding og pengar å la vere.

Bang Nes understreker at det er store individuelle skilnadar i befolkninga, også under korona.

– Vi er ute i den same stormen, men vi sitt ikkje i same båt. Pandemien rammar oss ulikt. Nokon av oss er svært utsette – dei einsame, eller dei som opplever livskriser og må handtere det utan sitt sosiale sikkerheitsnett.

Institusjonalisert lykke

Også innanfor medisin får lykka stadig meir plass.

Bildet kan inneholde: person, ansikt, ansiktsuttrykk, hake, panne.
Bjørn Hofmann. Foto: 
Anbjørg Kolaas, UiO.

Professor Bjørn Hofmann ved Senter for medisinsk etikk ved UiO og NTNU på Gjøvik, forklarar at lykke er ein del av den utvida definisjonen av helse.

– I WHO sin definisjon frå 1947 står det at helse er meir enn fråvær av sjukdom. Helse er ein tilstand av fullstendig fysisk, psykisk og sosialt velvære.

Når helsevesenet jobbar for å framme god helse, jobbar dei i prinsippet for å framme velvære og lykke.

– Om eg skal setje det på spissen: Med helse som mål og lykke som helse kan ein sei at helsevesenet er i ferd med å bli eit lykkevesen, seier Hofmann. 

Dette kjem til dømes til uttrykk i at fastlegar oftare blir kontakta av folk fordi dei kjenner seg ulykkelege, fortel Hofmann.

Hofmann meiner det er grunn til å spørje om når lykka blir betre ivareteken av andre og på andre måtar enn i eit ”lykkevesen”.

– Det er strålande at helsevesenet er kompetente på mange områder, og dersom det kan legge til rette for lykke er det glimrande.

Men, legg Hofmann til, det er også utfordringar ved utviklinga som samfunnet ikkje bør sjå vekk frå. For lykke er meir komplekst enn god helse.

– Lykka handlar også om utdanning, økonomi, arbeidsrett, sosialt liv og nære relasjonar. Når ein institusjonaliserer noko, er det ei fare for at andre med ansvar abdiserer. Då tenkjer eg blant anna på politikarane. Dei tar viktige val som er avgjerande for velferda til folk og for om velferdsstaten fungerer, seier Hofmann.

 

Publisert 24. nov. 2020 12:41 - Sist endret 27. nov. 2020 13:55