Rekordmange søknadar til UiO:Norden

Aldri før har UiO:Norden fått fleire søknadar om prosjektmidlar. – Visar auka tverrfaglegheit, seier direktør Tore Rem.

Bildet kan inneholde: mann, ansikt, hvitkrage-arbeider, menneskelig, business.

Tore Rem, direktør for UiO:Norden.

Foto: Silje Pileberg

For første gong har UiO:Norden utlyst større prosjektmidlar utan krav til eigenfinansiering.

Resultatet er eit rekordstort antal søkarar, totalt 17 prosjekt, frå eit vidt tematisk felt.

– Temaa spenn særdeles vidt. For eksempel frå betydninga av den tidlegmoderne lutherske presteskikkelsen til ekspertisens rolle i nordisk politikkutvikling, eller frå barns digitale liv i Norden til middelalderens lovgiving - eller korleis nordiske helsesystem responderte på Covid-19, seier direktør for UiO:Norden Tore Rem.

Han er svært nøgd med bredda i søknadane.

– Dette visar at UiO:Norden stimulerar til ny og auka tverrfaglegheit, seier Rem.

Publisert 10. sep. 2020 15:39 - Sist endret 23. sep. 2020 11:20