UiO:Norden-forskar i ny bok

Førsteamanuensis i historie Sunniva Engh, skriv om plantefysikaren Georg Borgström i boka «Histories of Knowledge in Postwar Scandinavia». Lanseringsseminar for boka 10. september.

Boka «Histories of Knowledge in Postwar Scandinavia» er ein samling med artiklar frå 15 nordiske forskarar, mellom anna UiO:Norden-forskar Sunniva Engh som leiar prosjektet «Sivilsamfunn i Norden. Globale, transnasjonale og regionale interaksjoner etter 1800». 

Engh har skrive eit kapittel om den svensk-amerikanske plantefysiologen Georg Borgström. 

I kapittelet skriv Engh om korleis Borgström, kjent for å spele på katastrofeforståing og uro, i Noreg fekk stort gjennomslag for sitt bodskap om ressursmangel og overbefolkning på 1950- og 1960-talet.

Engh tek også for seg korleis Borgström var involvert i danninga av organisasjonen Fremtiden i våre hender, i 1974.

10. september kan du følgje lanseringsseminaret til boka boka «Histories of Knowledge in Postwar Scandinavia» via Zoom. Påmelding til arrangementet finn du på heimesidene til Universitetet i Lund.

Publisert 2. sep. 2020 14:30 - Sist endret 2. sep. 2020 14:30