Då Norden skreiv seg stor

I tidleg nordisk historieskriving finn ein både Romerriket, Bibelen og det forsvunne Atlantis. I si tid var alt dette brennbart materiale, farga av draumar om nordisk storheit. For det handla om politikk, og om eigarskap til historia.

Illustrasjon av vann, hus og fjell. Blå penn på gult ark.

llustrasjon av Vardø og Vardøhus frå 1698, henta frå amtmann Lilienskiolds verk «Speculum Boreale». Lisens: Falt i det fri (Public domain)

Norden – ei gruppe nasjonar som nok er små, men som boksar i større vektklasser. I verda lanserar vi oss sjølv som stormaktar innanfor fred, velferd og olje. Kanskje er det ikkje så rart at desse tankane om storheit dukkar opp, når Norden stadig vekk ligg i toppsjiktet over verdas beste land.

Men tankane om nordisk storheit er ikkje nye. La oss sjå tilbake i historia, på Norden gjennom blikket til historieskrivarane frå 1600-talet. Der finn vi ikkje forteljingar om ein kaldt og forblåst utkant av Europa, men om eit mektig folk, erobrarar og store sigrar.

Dei gløymde historieverka

Ein av desse historieskrivarane er embetsmannen Johannes Lilienskiold.

I Det kongelege bibliotek i København ligg det to store handskrivne historieverk som Lilienskiold førte i pennen av mot slutten av 1600-talet. Desse verka ber titlane «Nordens Ære-støtte» og «De italienske Kongers Historier», og fortel storslåtte historier om folket frå nord.

Dame med grått hår og sorte briller.
Professor Anne Eriksen. Foto: UiO.

– På den eine sida er dette unike, handskrivne manuskript, på den andre sida er tekstane refleksar frå ein solid tradisjon, som nettopp dreiar seg om forteljingar om nordisk storheit, seier Anne Eriksen, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo.

Hausten 2020 gav ho ut boka «Livets læremester», der Lilienskiolds manuskript er ein av 12 utvalde tekstar.

Lilienskiolds tekstar var også utgangspunktet for foredraget «Draumen om nordisk storheit», med Eriksen på Nasjonalbiblioteket. Foredraget er ein del av arrangementsserien «Konstruksjonen av Norden», som utforskar ideen om det nordiske fellesskapet – frå mellomalderen og fram til i dag.

Erobrarane frå nord

Grunnforteljinga i Lilienskiolds tekstar er frå perioden vi i dag kjenner som folkevandringstida, fortel Eriksen. Ei kaotisk tid, prega av erobringar og Romerrikets fall.

– Lilienskiold skriv om dei nordiske folkestammene som vandrar sørover i Europa der dei til slutt erobrar Romerriket.

Eriksen forklarar at akkurat denne forteljinga først oppstod i Italia under renessansen, på 1400-talet.

– Frå eit italiensk perspektiv er dette ei frykteleg forteljing om ein barbarinvasjon og Romerrikets nedgang. Ei forteljing om kaos, invasjon og vold.

Men så var det dette med augo som ser. Då den same historia blei plukka opp av historieskrivarar i Norden, vart den snudd på hovudet. Her blei det fortalt om nordisk storheit og utbreiing. Om sigerherrane over Rom.

– På denne tida var Sverige og Danmark stormakter i europeisk samanheng. Desse to rika hadde både politisk og kulturelt bruk for ei forteljing om at dei mektige erobrarane nedstamma frå deira eigne folkestammer i nord, seier Eriksen.

– Det var ein måte å skrive seg opp og fram på. Ved å gi seg sjølv ei fin, gamal og mektig historie skreiv Norden seg inn i den store europeiske historia.

Eit bibelsk folk

Men forteljinga om Nordens storleik stoppa ikkje ved Romerriket. Snart blei denne forteljinga skriven saman med ei endå eldre tekst, nemleg om utvandringa frå Babel slik den er skildra i Det gamle testamentet.

– Bibelen fortel om korleis stammene vandra ut frå Babel då dei ikkje lenger kunne forstå kvarandre. Folket følgde Noa sine tre søner, som vandra ut i kvar sin retning. Sonen Jafet gjekk nordover, og historieskrivarane meinte at dette folket nådde Norden og slo seg ned her, seier Eriksen.

Ved å kopla denne forteljinga på historia om erobrarane av Romerriket, blei forteljinga om Nordens storheit endå mektigare og endå eldre. Men i dei nordiske landa fekk forteljinga ulik betyding.

I Sverige blei forteljinga svært viktig, ifølgje Eriksen. Den danna grunnlaget for det som skulle bli gøtisismen, ei svensk kulturrørsle basert på ei romantisk og patriotisk overtyding om svenskane si storheit i nordisk fortid. Sjølve ordet «gøtisime» byggjer på ei tru om at goterne som erobra Europa sitt opphav var svenske Götaland. Denne rørsla stod sterkt i Sverige i eldre tid, og fekk ein ny oppsving på 1800-talet under nygøtisismen.

Når forteljinga fekk mindre betyding i Danmark, kom det av at danskane hadde etablert ei anna historieskriving.

Då historiene om nordisk storheit blomstra under renessansen, hadde Danmark alt eit mykje tettare forhold til både den danske historieskrivaren Saxo, Snorre og dei islandske sagaene. Desse historiene hadde sjølvsagt ikkje med seg dimensjonen med Romerriket, men ga likevel det danske, norske og islandske folket ei storslått forankring i fortida.

Eit svensk Atlantis

At forteljinga om nordisk storheit fekk så stor tyngde i Sverige, kom også av at den blei omtalt av viktige personar. Ein av desse var Olof Rudbeck, medisinprofessor og historieskrivar.

Mot slutten av 1600-talet publiserte Rudbeck det omfattande verket «Atlantica», der han

Maleri av Atlantis undergang
Måleriet «Terror Antiquus»​​​​​ (1908) av den russiske kunstnaren Léon Bakst visar Atlantis' undergang. Lisens: Falt i det fri (Public domain) 

mellom anna lanserte teorien om at Sverige er det forsvunne Atlantis. Historieskrivaren frå Uppsala skreiv med dette Sverige inn i gresk mytologi, i tillegg til romersk historieskriving.

– Dette er ein fantastisk teori, som dei fleste i dag vil meine er litt vill. Det var det faktisk ein del som meinte også i Rudbecks samtid. Men han var ein mektig mann, og hadde skrive eit stort og lærd verk. Derfor fekk det stor betyding, seier Eriksen.

Brennbar propaganda

Men kvar kom denne trongen etter dei storslåtte forteljingane frå? Ifølgje Eriksen gjaldt det eit ganske allment behov. Historieskriving var ei forteljing om makt og politikk.

Å ha ei mektig historie var politisk viktig. I samfunn der kristendomen var dominerande og styrte verdsbiletet, var det dei bibelske tekstane som gav størst definisjonsmakt og tyngde.

– Kunne du knyte deg sjølv og folket ditt til det som stod i Bibelen, skreiv du deg nærmare Gud. Historiene om nordisk storheit gjorde at vi her oppe i nord slapp å tenkje at den eigentlege sivilisasjonen låg nede ved Middelhavet. Folket i Norden kunne tenkje «ja, vi har vore barbarar. Men vi var også barbarane som overtok det heile», forklarar Eriksen.

Ho understrekar at denne forteljinga om storheit også fanst utanfor Norden. I både Tyskland, England og Frankrike var det lærde som forsøkte å knytte sitt folk til erobrarane av Romerriket.

– Det blei ein slags kiving mellom dei lærde om kven som hadde størst rett til dei store og ærerike forteljingane, seier Eriksen.

Også i Norden blei det konflikt om historia. Professoren i kulturhistorie fortel at det mellom Sverige og Danmark oppstod «historiekrigar» på 1600-talet. Begge landa hevda høglydt at det var deira etterkommarar som nedkjempa Romerriket.

– Til slutt blei det ein propagandakrig. I denne perioden var det jo ofte krig mellom Danmark og Sverige, og i dei korte periodane med fred blei det utstedt forbod mot denne typen historieskriving. Det var rett og slett for effektivt som propaganda. Historie fungerte godt som bensin på bålet om ein ville hisse til krig. Forteljinga om nordisk storheit var rett og slett brennbar.

Gamle tankar

No er det lenge sidan krigar blei utkjempa mellom dei nordiske landa. Og ein kan jo spørje seg, kva betyr eigentleg denne tidlege historieskrivinga for Norden i dag?

Mest av alt er det eit bilete på historieskrivinga i si tid, forklarar Eriksen. Forteljingane om Nordens storheit gir innblikk i korleis vi ein gong forstod oss sjølv, og korleis vi skreiv oss store og viktige.

Det har skjedd mykje med historiefaget sidan svensk historie var ein del av gresk mytologi. Men tankane om nordisk storheit er kanskje ikkje like framande for oss, sjølv om dei i dag blir fortalt i ein annan form.

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 17. feb. 2021 13:47 - Sist endret 26. feb. 2021 09:45