Meiner aktivisme er avgjerande for klimakampen

Aktivist og forskar Andreas Malm meiner at tida er inne for «intelligent sabotasje», og er forundra over at forskarar ikkje gjer meir for i kampen mot klimaendringane.

Bildet kan inneholde: anlegg, erme, tre, gatemote, gress.

Akademikar og aktivist, Andreas Malm.

Foto: Universietet i Oslo

– Sjølvsagt er eg pessimist. Pessimisme er for meg motsetninga til passivitet. Revolusjonær pessimisme er innsikta i at om verda får halde fram som no, så endar det i katastrofe. Vi kjem til å ende opp fullstendig steikte, kokte og oppbrente, seier Andreas Malm, førsteamanuensis ved Lunds Universitet.

Brennande frustrasjon

Sommaren 2018 var usedvanleg varm i Sverige. Regnet kom ikkje, jorda tørka ut og skogbotnar blei tørre som støv. Ein liten gneist og eit vindkast var det som skulle til. Så byrja det å brenne.

Frå mai til juli denne sommaren blei det registrert over 50 skogbrannar i nabolandet vårt. Over 250 kvadratkilometer med vegetasjon blei slukt av flammane.

Og mens brannmannskap frå inn- og utland kjempa mot elden, såg forskar og klimaaktivist Andreas Malm med aukande frustrasjon på korleis verda omkring han haldt fram som før.

– Eg kunne ikkje halde fram med mi nerdete, miljøhistoriske forsking. Eg fann ingen motivasjon til å skrive noko anna enn om det som var relevant for det som skjedde akkurat då, seier Malm.

Klimakamp i endring

Utfallet av frustrasjonen blei boka How to Blow up a Pipeline. Der tar Malm til orde for såkalla «intelligent sabotasje» – å råke produsentane av fossil energi, skade eigedom og utstyr – utan at personar kjem til skade. Tida for tradisjonell, sivil ulydigheit er forbi, meiner Malm. Det er eit radikalt synspunkt. For ein republikanar i USA var det så trugande, at han meinte Malm burde etterforskast av FBI.

– Sabotasje er det naturlege neste steget. Klimarørsla har forsøkt demonstrasjonar, vanleg politisk aktivisme og sivil ulydigheit, men vi ser veldig få resultat av dette. Med tanke på at klimakrisa ikkje stagnerer, at det ikkje kan settast på pause, så må vi handle, seier Malm, som trur protestane vil bli meir radikale.

– Men det finnast ingen garanti for dette. Det kan jo også vere at den overveldande tendensen heller blir oppgitte og passive folk.

Ei anna endring sidan 2019 er ifølgje Malm at fleire forskarar tek ei meir aktiv rolle i klimakampen.

– Mange som driv med klimaforsking kjenner på ein stor frustrasjon over tingas tilstand. For enkelte er frustrasjonen så stor at den driv dei inn i aktivismen. Men dette er eit avgrensa fenomen. Det er ikkje sånn at klimaforskarar er ein enormt viktig del av klimarørsla. I blant blir eg forundra over at forskarar ikkje gjer fleire ting i den samanhengen.

Tverrfagleg løysing?

I vår var Malm invitert til å respondere på Thomas Hylland Eriksens forelesing om Naturtap og kulturtap i antropocen.

Det var den siste forelesinga i serien «Antropocen», eit tverrfagleg initiativ av UiO:Norden-forskargruppa «ECODISTURB: Tvisyn på nordisk natur».

Mann med briller og skjegg
Marius Timmann Mjaaland. Foto: Universitetet i Oslo

– Klimakrisa krevjar ein heilt ny grad av tverrfaglegheit, fordi det er berre gjennom tverrfagleg samarbeid at vi kan få til den endringa i politikk, handling og forståing som er nødvendig, seier Marius Timmann Mjaaland som leiar forskargruppa.

– Naturvitskapsfolk er svært dyktige til å forstå og fortolke endringane i naturen, men spørsmåla vi skal løyse, handlar om verdival, overbevising, tru, politisk handlekraft og nye økonomiske modellar. Det er her tverrfaglegheita kjem inn. Utan tverrfagleg forsking og utdanning vil vi ikkje vere i stand til å løyse morgondagens utfordringar.

Han meiner akademia har ulike oppgåver i klimaspørsmålet. Korleis folk forstår problemet er avhengig av omfattande kartlegging og fortolking av klimaendringane. Prognosane må vere realistiske, med utgangspunkt i tal og fakta.

– Desse forskarane observerer dramatiske endringar i naturen over relativt kort tid. Derfor tenker eg at dei har ein plikt til å seie ifrå, utan at dette vil svekke deira truverd. Klimakrisa krev endring, og då bør forskarane varsle om dette, seier Mjaaland, som meiner det må det vere lov å tenke meir radikalt om kva for endringar som er nødvendige.

– Det kan innebere at man slår alarm og grip til aktivisme. Dette kan vere legitimt, men eg trur at forskarane gjer klokt å skilje mellom engasjementet dei har som forskarar og sitt politiske engasjement som samfunnsborgarar – sjølv om påverknaden sjølvsagt går begge vegar, og bør gjer det.

Fornektingas tid

Så kva rolle spelar eigentleg akademia i kampen mot global oppvarming? Og kvifor skjer det ikkje større endringa i samfunna våre, når klimaendringane er eit faktum?

Malm meiner ein del av forklaringa ligg i mekanismane som er skildra i boka Living in Denial: Climate Change, Emotions, and Everyday Life av sosiologen Kari Marie Norgaard.

Boka er eit feltstudie av såkalla  «Bygdeby», ei lita vestlandsbygd frå ein vinter der snøen ikkje kjem. Sjølv om «alle» forstår at det er ein samanheng mellom fråveret av snø og klimaendringane, så tek dei ikkje grep for å endre livsførsel.

– Det er kollektiv fornekting. Ikkje som i fornekting av klimaendringane, men at dei erkjenner at det er eit stort problem utan at det påverkar dei noko. Dette viser at fråveret av handling i klimakampen kjem ikkje av fråveret av informasjon, seier Malm.

Vil ha klimarørsla i gatene

Det som trengs, ifølgje Malm, er ei kraft som aktivt pressar fram endring. Pandemien meiner han at klimarørsla sløste bort.

– Tidleg i pandemien var det nokon som såg på dette som eit høve til å bygge opp ei grønare verd. Men verda gjekk berre rett tilbake til «business as usual». Dei ekstreme utsleppa vi ser i år, er eit uttrykk for det. Frå alle kantar blir det ausa  inn pengar i fossile selskap, flyselskap og bilindustrien.

Så kvifor blei det sånn? Ifølgje Malm ligg svaret i alle fall delvis hjå klimarørsla sjølv.

– Eg trur aldri ein pandemi eller ei liknande krise kan endre verda, dersom det ikkje er aktørar som samtidig pressar på for å skape den endringa. Det tragiske med pandemien er at klimarørsla forsvann frå gatene då den braut ut. Den avskaffa seg sjølv, inntil vidare. Folk blei oppfordra til å streike på nettet, det viste seg å vere heilt meiningslaust. Men opptøyane rundt George Floyd-saka og protestane i Belarus viste at det gjekk an å organisere store demonstrasjonar utan at det forverra pandemien. I etterpåklokskapens lys var det feil av klimarørsla å ikkje ta til gatene.

 

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 24. juni 2022 11:40 - Sist endret 5. aug. 2022 14:23