Koronagenerasjonen: konsekvensar i utdanning

Har den formelle eksamensavviklinga under nedstenginga av utdanningsinstitusjonane våren 2020 skapt problem for elevar og studentars veg vidare?

Illustrasjonsbilete av gruppesamarbeid.

Illustrasjon: Pixabay

Om arrangementet

«Koronagenerasjonen» er alle dei elevane og studentane som fekk vitnemåla sine endra våren 2020, som følgje av avlyste eller endra eksamenar grunna koronaviruset.

24. september 2020 inviterar UiO:Norden-prosjektet NordEd til eit seminar om konsekvensane av nedstenginga av utdanningsinstutisjonane våren 2020.

Fekk elevar og studentar svekka moglegheiter til å komme inn på skuler eller studium dei ønskja seg? Vil det hefte ved legitimiteten til desse elevane og studentane sine vitnemål at eksamen ikkje blei gjennomfør på vanleg måte?

I tillegg til forsking om nedstenginga i Noreg, blir det også presentert nordiske og europeiske perspektiv.

Påmelding

Arrangementet kan du følgje fysisk på Blindern eller via Zoom.

Utfyllande program finn du på arrangementet sine sider.

Spørsmål kan rettast til Sverre Tveit, sverre.tveit@iped.uio.no.

Påmelding

Publisert 9. sep. 2020 15:59 - Sist endret 22. sep. 2020 16:37