Nedstengt oppvekst
Kva for kostnadar får det for barn og unge når samfunnet stenger ned? Går det utover familielivet? Tapar dei utdanning? Eller blir det kanskje mindre digital mobbing når alt skjer på nett? Ny forsking gir svar.

Arrangementet blir streama live, er gratis og ope for alle.
Dette er eit heildigitalt arrangement, det er ikkje mogeleg å vere publikum i salen.
Samtalen blir streama live på facebook.
Få påminning og lenke til stream på epost
Sidan våren 2020 har samfunnet vårt vore i ein nedstengt unntakstilstand. Restriksjonane som mange spådde ville gå over til påske, er framleis gjeldande.
Nedstengt oppvekst
UiO:Norden stiller spørsmål om korleis dette påverkar barn og unge i dag. Var det naudsynt å stenge skulane og barnehagane, eller blei kostnadane for høge? Og kva skjer med barn og unge, når bortimot heile det sosiale livet blir flytta over på skjerm?
Under UiO:Norden-samtalen vil forskarar frå «Living the Nordic Model» legge fram heilt nye funn, som forklarar korleis restriksjonane påverkar barn og unge - både i ein nordisk og europeisk kontekst.
Deltakarar
Arrangementet startar med ei innleiing frå forskargruppa «Living the Nordic Model», før vi held fram med ein panelsamtale om funna. Samtalen vil bli leia av UiO:Norden-direktør Tore Rem. Dette er deltakarane:
- Trond-Viggo Torgersen, lege og tidlegare barneombud.
- Elisabeth Staksrud, professor i medievitskap og leiar av forskargruppa Living the Nordic Model.
- Kristinn Hegna, professor i utdanningsvitskap og kordinator for forskargruppa Living the Nordic Model.
- Pål Suren, forskar på barns helse og utvikling ved Folkehelseinstituttet. Medlem av tverrsektoriell gruppe ved Bufdir som vurderar konsekvensar av smitteverntiltaka.
- Tore Rem, direktør for UiO:Norden.
Om UiO: Norden-samtalen
Arrangementet er ein del av «UiO: Norden-samtalen», ein arena for samtale om aktuelle nordiske spørsmål.
Kvar samtale blir innleia av forskarar tilknytt den tverrfaglege forskingssatsinga UiO: Norden ved Universitetet i Oslo. Gjennom månadlege arrangement denne hausten vil vi løfte fram ny forsking som kan gje nye perspektiv, både på dagsaktuelle emnar og på vår felles historie.