Norden i amerikansk politikk: Draum eller mareritt?

Kva for rolle spelar Norden i amerikansk politikk? Kva slags bilete skapar amerikanske politikarar av det nordiske? Vil presidentvalet i haust påverke korleis Norden ser på USA - og vice versa? 

Bildet kan inneholde: person, ansikt, ansiktsuttrykk, mennesker, tekst.

Arrangementet er gratis, men krev registrering på førehand for dei som ønskjer å vere publikum i salen. 

Påmelding

Det vil også vere mogeleg å følgje stream frå salen. Lenke til stream blir publisert her før arrangmentsstart.

Om arrangementet

Arrangementet er ein del av «UiO:Norden-samtalen», ein arena for samtale om aktuelle nordiske spørsmål.

Det nærmar seg presidentval på den andre sida av Atlanterhavet. Vi tar eit djupdykk inn i amerikansk politikk for å betre forstå forholdet mellom USA og dei nordiske landa.

Kva for konsekvensar har det for amerikansk politikk når sosialisme er like attraktivt som kapitalisme for fleirtalet av dei under 30? Og i kva grad blir vårt sjølvbilete i Norden påverka av den politiske debatten i USA?

Innleiing ved Haldor Byrkjeflot

Heilt sidan Bernie Sanders brukte Norden som eit forbilde under det demokratiske primærvalet i 2016, har den norske modellen vore eit tema i aktuell politisk debatt i USA.

Demokraten Sanders er kanskje blant dei få som ønskjer nordisk sosialisme inn i Det kvite hus, men det er eit stort spenn frå Sanders til sittande president Donald Trump – som har nytta Norden som skremmebilete.

I USA blir Norden framstilt forskjellig alt ut frå kva for politisk retning du lyttar til. Professor Haldor Byrkjeflot ved forskargruppa «Sivilsamfunn i Norden», vil i si innleiing gi eit innblikk i kvar Norden står i amerikansk politikk.

Samtale om USA og Norden

Etter innleiinga vil direktør for UiO:Norden, Tore Rem, leie ein panelsamtale mellom Kalle Moene, Vårin Alme, Bente Kalsnes og Hilmar Mjelde.

  • Haldor Byrkjeflot deltar i forskargruppa «Sivilsamfunn i Norden» ved UiO:Norden, og forskar på den nordiske modellen.
  • Kalle Moene er prosjektleiar for forskargruppa «Nordic Welfare Developments» ved UiO:Norden, som forskar på framveksten av den nordiske velferdsstaten.
  • Vårin Alme er statsvitar og kommentator på AmerikanskPolitikk.no. Ei av stemmene i podkasten «2020».
  • Bente Kalsnes forskar på politisk bruk av sosiale medium, politisk kommunikasjon, desinformasjon og falske nyhende ved Høyskolen Kristiania.
  • Hilmar Mjelde forskar på amerikansk politikk og skandinavisk innvandringsdebatt ved Universitetet i Bergen. Spådde at Donald Trump ville vinne presidentvalet i 2016.

Om UiO:Norden-samtalen

Kvar samtale blir innleia av forskarar tilknytt den tverrfaglege forskingssatsinga UiO: Norden ved Universitetet i Oslo. Gjennom månadlege arrangement denne hausten vil vi løfte fram ny forsking som kan gje nye perspektiv, både på dagsaktuelle emnar og på vår felles historie.

Arrangør

UiO: Norden
Publisert 6. okt. 2020 15:13 - Sist endret 10. okt. 2020 13:50