Svertekampanjar, kongelege trugslar og gruslagde skjebnar

Kristian Holen Nymark har forska på kampen om trykkefridomen, og kva den kosta.

Mann i blå jakke og grønn skjorte i en park, trør i bakgrunnen

DISPUTERTE: Kristian Holen Nymark skreiv i si avhandling om korleis kampen om trykkefridomen tok form på starten av 1800-talet.

Foto: Hanna Huglen Revheim, UiO.

– Det er interessant å sjå på kven som løfter seg sjølv opp til rolla som sosiale sensorar, seier Kristian Holen Nymark.

Tysdag 27. oktober disputerte han med avhandlinga «Kampen om trykkefriheten: Karl Johan og den norske presse 1814-1844» ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Bildet kan inneholde: jobb, begivenhet, samarbeid, selskap.
Hilde Sandvik, Kristian Holen Nymark, Kai Peter Østberg og Morten Nordhagen Ottosen.
Foto: Ruth Hemstad, UiO.

Dette er den første ferdige doktorgradsavhandlinga i Offentlighetsprosjektet, ei av forskargruppene i UiO:Norden.

Kongeleg sensur

Med grunnlova frå 1814 fekk nordmenn lovfesta rett til trykkefridom. Men dette gav ikkje automatisk lik rett til å delta i den offentlege samtalen.

– Kongen og deler av embetsverket reagerte særleg sterkt mot bønder og unge studentar som ytra at samfunnet burde endrast, seier Nymark.

Carl Johan som på den tida var konge i Noreg og Sverige, dreiv i starten ein form for statleg sensur.

I avhandlinga si ser Nymark på kvifor og korleis kongen prøvde å stoppe enkelte ytringar. Mellom anna ved å presse Stortinget til å gjere sending med posten så dyrt at distribusjon vart umogeleg for opposisjonsblada.

Kanonkuler i Bjørvika

– Det var skiftande politiske tider. I starten var Karl Johan såpass aggressiv at dei måtte gi han nokre sigrar. Då Stortinget var samla i 1821, henta Karl Johan inn ein gjeng med soldatar til øvingsleir på Etterstad, og den svenske marinen hadde kanonøvingar i Bjørvika. Dette var ein heilt tydeleg beskjed frå kongen om å gjere som han sa, seier Nymark.

I starten lukkast kongen, mellom 1821 og 1826 var det ingen opposisjonsblader i Noreg. Alt var knebla.

Men motstanden auka, etter kvart kom motstand frå både domstolar, Stortinget og fleire regjeringsmedlem.

– Det er ikkje noko som tyder på at kongen blei meir liberal, min teori er at han rett og slett tapte. Også i Sverige prøvde Carl Johan i det lengste å kneble motstemmene. Der enda det med opptøyar i gatene på slutten av 1830-talet. Alt blir vanskelegare for ein konge med opptøyar i gatene.

Svertekampanjar

I tillegg til kongens strenge lovar, fekk opposisjonsblada også sterk motstand frå personar i embetsverket. På det verste dreiv dei med regelrette svertekampanjer, fortel Nymark.

– Når ein svertekampanje fekk stå på trykk i fleire veker i Noregs største avis, så fekk det betydeleg tyngde. Fordi alle som leste aviser fekk den med seg. Offentlegheita var lita og fokusert, seier Nymark.

Ein som særleg fekk gjennomgå, var husmannssonen Peder Soelvold.

Soelvold dreiv eit blad der han mellom anna skreiv kven som ikkje burde sitte på Stortinget, og kven han meinte at bøndene burde stemme på.

– Han blei kalla slange, vart skulda for å ha stjåle pengar frå sin eigen far og det blei hinta om at han hadde hatt seg med ei «konfirmantinde».

Bakgrunnen for svertekampanjen mot Soelvold, var at han hadde for stort personfokus i sin kritikk.

– Soelvold blei dømt i to trykkefridomssaker. Innkallinga til rettssaka kom via brev medan han var på reise, så Soelvold visste ikkje om rettssakene før dommen falt. Der fekk han bøter som han ikkje kunne betale og reiste frå Christiania. Han måtte trekke seg som redaktør, og levde eit omflakkande liv som enda ganske tragisk.

Vil vise kampen

Nymark meiner det er påfallande korleis ideala om å kritisere sak og ikkje person, vart kasta til sides då makta vart kritisert.

– Eg prøver å vise at denne tidlege kampen om å ha rett til ein plass i offentlegheita utan å vere einige med eliten, er viktig for at vi seinare fekk eit større meiningsmangfald, seier Nymark.

Ein samtale mellom danna individ er ikkje aleine det som skapar politisk endring, meiner han.

– For oss i dag er det heilt opplagt at alle skal ha dei same rettane, men det var ikkje dette argumentet aleine som skapa politisk ending. Folk måtte vere villige til å protestere. Dei vant fram ved å ta til gatene, viste at dei var mange som krevja endring.

Publisert 30. okt. 2020 11:06 - Sist endret 19. nov. 2020 11:34