UiO-stipendiat vann formidlingskonkurranse

Batteriforskar Halvor Høen Hval gjekk til topps då forskarar skulle presentere forskinga si på tre minutt.

Halvor Høen Hval sammen med MoZEES direktør Øystein Ulleberg

Tre doktorgradsstipendiatar frå Universitetet i Oslo var med og konkurrerte om beste presentasjon under formidlingskonkurransen på Energikonferansen 2019.

På tre minutt skulle deltakarane presentere nokså kompliserte tema.

- Eg er stolt og glad. Dei andre bidraga var veldig gode, seier Halvor Høen Hval, som tar doktorgraden ved Kjemisk institutt.

Hval vart nyleg pappa. Ein del av permisjonen har blitt brukt til å øve, ofte med sonen på skuldra.

- Han syntest det var veldig kjedeleg, for han sovna nesten kvar gong. Det var bra at publikum ikkje gjorde det same!

Vil lage betre batteri

Hval prøver å utvikle meir energirike batteri som samtidig er sikre. Han konsentrerer seg om den positive elektroden, pluss-sida på batteriet, og ser på berekraftige høgspenningsmaterial. Dette er material det finst mykje av, i motsetnad til for eksempel kobolt som har blitt sterkt kritisert.  

- For å frigjere litium-ion og få energi, treng vi høg spenning. Men då kan vi også få uønskt gassproduksjon og eksplosjonsfare, forklarer han. 

Målet hans er å komme nærare eit materiale der gassproduksjonen i batteriet er minimal, sjølv ved høg spenning.

- På sikt kan resultata kanskje brukast til å elektrifisere tungtransport og båtar i langt større grad enn i dag. Dette vil gje ein enorm klimagevinst. 

I presentasjonen la han vekt på kvifor han jobbar med nettopp dette.

- Eg er ikkje så bekymra for verda sonen min skal vekse opp i, men eg er bekymra for verda han skal bli gamal i. Det å gjere store batteri betre og trygge er min måte å gjere verda til ein grønare stad.

Studerer folk sine reisevanar

Norges forskningsråd arrangerer Energikonferansen og hadde plukka ut fem deltakarar frå ialt ti stipendiatar som hadde sendt videopresentasjonar. Frå Universitetet i Oslo deltok også Ragnhild Dahl Wikstrøm og Marie Byskov Lindberg

Wikstrøm jobbar ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi og forskar på folk sine transportvanar.

Ragnhild Dahl Wikstrøm
Ragnhild Dahl Wikstrøm, ISS

- Eg er opptatt av å forstå kvifor folk reiser og korleis det heng saman med koordineringa av ulike aktivitetar. Kanskje seier folk at dei må ha bil fordi dei har barn, eller kanskje tar dei toget fordi dei då kan jobbe medan dei reiser.

Mens fleire forskarar og planleggarar har lagt vekt på korleis ein kjem fram raskast muleg, ser Wikstrøm også på kva opplevingar og erfaringar menneske har på reisa.

Etter eitt og eit halvt års studiar har ho intervjua 28 personar i Akershus. Ho planlegg fleire intervju og også etnografiske studiar der ho reiser saman med folk.

- Skal vi få til ei meir berekraftig utvikling, er det viktig å forstå meir om kvardagslivet vårt. Reisevanane våre avhenger av kvardagslivet i veldig stor grad! Denne typen kunnskap må implementerast både i politikk og planlegging, meiner ho.

Går i djupna på kraftmarknaden

Universitetet i Oslo sin tredje deltakar var Marie Byskov Lindberg ved TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur. I doktorgraden sin samanliknar ho den nordiske kraftmarknadsmodellen med den tyske.

Marie Byskov Lindberg, TIK

Den nordiske omfattar Skandinavia, Finland og dei baltiske landa og er inndelt i 15 prissoner eller marknadsområde. Områda vil store delar av tida ha ulik kraftpris. Prisen avhenger av tilbod og etterspørsel, samt av kapasiteten i kraftnettet mellom prissonene.

- Den nordiske modellen er meir fleksibel enn den tyske. Han er meir tilpassa ei omstilling til fornybar energi. Det sendast prissignal som til dømes har gjort det muleg å byggje ut vindkraft i Danmark. Er det mykje vind, blir dansk kraft billegare og kan eksporterast. Ved lite vind kan danskane importere vasskraft frå Noreg.  

Tyskland har derimot ein felles kraftpris overalt. Derfor får tyskarane ingen signal om kvar det løner seg å produsere kraft til ei kvar tid. Den tyske modellen har gjort det vanskelegare for nabolanda å handle med Tyskland.

- EU jobbar i dag for eit meir fleksibelt kraftsystem og har prøvd å få Tyskland til å dele seg opp i soner. Men motstanden er sterk. Det kan sjå ut til at enkelte aktørar tenar godt på den ordninga som er i dag, seier Lindberg.

Av Silje Pilberg
Publisert 22. mai 2019 14:49 - Sist endret 22. mai 2019 15:57