Islamforskingsgruppa ved UiO / Islamic Studies at UiO

Ei tverrfagleg forskargruppe innanfor islamstudiar

> See presentation in English

Som eit forskingsnettverk på religion i pluralistiske samfunn har PluRel også stimulert tverrfagleg samarbeid mellom forskarar som arbeider med islamrelatert forsking ved UiO (og nokre andre forskingsinstitusjonar). Islamforskingsgruppa er ei undergruppe på PluRels område 3 "Normativitet og sekularitet". Det er den første tverrfaglege forskargruppa innanfor islamstudiar ved UiO.

Utgangspunktet var eit seminar i 2009 om Islamismeforsking ved UiO. Jf. også forskingskonferansen Islam i Norge: status for forskningen, blinde flekker? (Culcom 2008), med oppdatert bibliografi om islam i Norge. 

  • Hovudtemaet for seminara hausten 2009-våren 2010 var "Islam og sekularitet", i tilknyting til medlemmane si forsking og nyare bøker og artiklar på området (sjå bibliografi til temaet islam og sekularitet).
  • Hausten 2010 tok gruppa mellom anna opp spørsmålet om islamsk engasjement og sosial integrering, samt forsking på sjia-islam i Norge.
  • I 2011 vart det halde to møter om forholdet mellom islamisme og salafisme - eit med fokus på den religiøse og politiske situasjonen i Egypt (25.8.) og eit med fokus på Norge/IslamNet (12.12.).

Sjå oversikt over seminara under "Arrangement" i menyen til venstre.

Gruppa blir leidd av Oddbjørn Leirvik (TF) og Bjørn Bjørn Olav Utvik (IKOS/HF).

Publisert 4. mai 2010 11:43 - Sist endret 23. aug. 2012 16:42