English version of this page

Helseinnovatørskulen: Kurs for professorar og gruppeleiarar ope for påmelding

Lær korleis du kan auke innovasjonen i laboratoriet ditt og byggje bru over gapet mellom forskar og helseinnovatør. Meld deg på kurs i Trondheim 23.–24. november. Førstemann til mølla.

Illustrasjon innovative forskere

Korleis kan du auke innovasjonen i laboratoriet ditt? Korleis kan du kombinere å vere forskar og helseinnovatør? Meld deg på vårt Kurs 3 – Innovasjon for professorar og leiarar og lær korleis du kan gje livsvitskapsforskarar og klinikarar verktøy og innsikt i korleis dei kan drive med innovasjon.

For: Førsteamanuensisar, universitetslektorar, professorar, gruppeleiarar, klinikarar, forskingskoordinatorar frå offentlege universitet eller sjukehus i Noreg, Sverige og Danmark. 30 deltakarar frå alle partnarlanda vil få plass.

Når: 23.–24. november, NTNU (Trondheim)

Opptak: Basert på CV.

Program: Last ned program frå nettsida til Københavns Universitet

Frist: Førstemann til mølla.

Kostnader: Kurset er gratis og alle utgifter til reise, mat og opphald blir dekte av skulen. Vi refunderer reiseutgifter på inntil 2000 DKK.

Søknadsskjema

Om kurset

  • Teori kombinert med praktiske eksempel
  • Undervisning med Jeff Skinner, London Business School
  • 2 dagar med deltaking i Trondheim
  • Flott moglegheit for nordisk nettverksbygging
  • Alle kostnader blir dekte av Helseinnovatørskulen

Om skulen

Helseinnovatørskulen vart etablert av Universitetet i Oslo. I dag blir skulen drive i samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Karolinska Institutet, Norges teknisk-naturvitskaplege universitet og Københavns Universitet.

Ved Universitetet i Oslo har innovasjonseininga Veksthuset for livsvitskap, helse og teknologi ansvar for skulen.

Sponsa av Novo Nordisk Fonden.

Av Norunn K. Torheim
Publisert 12. sep. 2022 11:10 - Sist endret 20. sep. 2022 15:23