English version of this page

Veksthuset for livsvitskap har opna dørene!

17. februar vart Veksthuset for livsvitskap – den nye innovasjonseininga for livsvitskap ved Universitetet i Oslo – offisielt opna. Veksthuset skal hjelpe forskarar og studentar med innovasjonsprosessen. Sjå bilete frå opninga der vi samla heile Oslos innovasjonsøkosystem for livsvitskap.

Snorklipping med rektor, dekaner og innovasjonsdirektør

Dekan ved Det medisinske fakultet Ivar Prydz Gladhaug og dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet Solveig Kristensen stod for den offisielle opninga med snorklipping med hjelp frå rektor Svein Stølen og innovasjonsdirektør i Veksthuset Hilde Nebb. Foto: UiO/Fartein Rudjord.

Veksthuset for livsvitskap skal hjelpe forskarar og studentar med å modne idear i tidleg fase. 

No kan forskarar, studentar, næringsklynger, inkubatorar og bedrifter samt leiarar og administrativt tilsette ved UiO kome inn den opne døra til Veksthuset for livsvitskap i Forskingsparken.

Glimt frå lanseringa

Lansering av Veksthuset for livsvitenskap 17. februar 2022

Omtale av lanseringa

Av Norunn K. Torheim
Publisert 18. feb. 2022 11:49 - Sist endret 18. feb. 2022 15:02