English version of this page

Om oss

Veksthuset for livsvitskap er den nye eininga for innovasjon innan livsvitskap, helse og teknologi ved Universitetet i Oslo (UiO). Eininga opna dørene i februar 2022. Vi skal hjelpe forskarar og studentar med å modne idear i tidleg fase.

Veksthuset for livsvitskap på 88 sekund

Vi jobbar for å fremme ein sterkare innovasjonskultur gjennom å gje leiarar, forskarar og studentar kunnskap og verktøy til å vidareutvikle innovasjonsidear.

Vi samarbeider med teknologioverføringskontoret Inven2, næringsklynger og inkubatorar for å dra veksel på kompetanse i heile innovasjonsøkosystemet vårt. Målet er at meir kunnskap frå forskinga ved UiO skal takast i bruk.

Innovasjonstenestene våre er tilgjengelege for livsvitskapsmiljø ved heile UiO, Oslo universitetssjukehus og Akershus universitetssjukehus. Vi er òg UiO sitt kontaktpunkt for næringsliv eller andre som ønskjer å samarbeide med UiO innan livsvitskap.

Forskarar og studentar kan

  • få skreddarsydd rettleiing, såkornmiddel og støtteverktøy for å modne innovasjonsideane dine i tidleg fase
  • delta på vår innovasjonsmøteplass mellom akademia, sjukehus og næringsliv og andre arrangement
  • lese meir om tenestene våre og kontakte oss for oppstartssamtale

Næringsklynger, inkubatorar og bedrifter kan

  • vere samarbeidspartnar eller bidra med tenester inn i innovasjonsprosjekt ved UiO
  • delta på vår innovasjonsmøteplass mellom akademia, sjukehus og næringsliv og andre arrangement
  • kontakte oss for samarbeid

Leiarar og tilsette i forskingsadministrative avdelingar kan

  • gje oss tilbakemelding på eigne behov for kompetanseheving innan innovasjon
  • delta på arrangementa og kursa våre
  • kontakte oss dersom du ønskjer at vi skal kome til eininga di og presentere tenestene våre

Visjon og strategiske hovudområde

Visjon

Vi skal utfordre kultur og tenking, drive fram fleire innovatørar og oppstartselskap og stimulere til at meir kunnskap blir teken i bruk.

Strategiske hovudområde med overordna mål

Innovasjon

Vi skal gje kunnskap og drive fram auka innovasjonsaktivitet blant studentar og forskarar.

Kultur

Vi skal fremme ein sterkare innovasjonskultur og styrke innovasjonsevna.

Samarbeid og samspel

Vi skal skape dialog og styrke tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.

Næringsliv og samfunn

Vi skal opne dører og byggje bruer mellom kunnskapsmiljøa våre og
relevante samarbeidspartnarar.

Møteplassar

Vi skal utvikle og bruke møteplassar der kunnskap blir delt og blir teken i bruk.

 

Kommunikasjon går på tvers av alle hovudområda.

Organisering

Veksthuset for livsvitskap blir drive i eit likeverdig samarbeid mellom Det medisinske fakultet (MED) og Det matematisk-naturvitskapelege fakultet (MN) ved UiO.

MED er vertsfakultet, og leiar for eininga rapporterer til dekanen på MED. Fakultetsstyret og dekanen ved MED er øvste organ for eininga. 

Dekanen på MN leier det rådgjevande organet for leiar for eininga. Rådet har følgjande samansetjing:

  • viserektor for forsking og innovasjon – Per Morten Sandset
  • dekan MN (leiar av rådet) – Solveig Kristensen
  • dekan MED – Ivar Prydz Gladhaug
  • fakultetsdirektør MN – Jo Døhl 
  • fakultetsdirektør MED – Hans Ragnar Mossin

Sjå heile reglementet for Veksthuset for livsvitskap (pdf).

UiO og UiO:Livsvitskap gjev støtte til drift av innovasjonseininga.

Koststed

3251000 (innkjøp, økonomi og lønn m.m.)

Besøksadresse

Forskningsparken
Gaustadalléen 21
0349 Oslo

Postadresse

Forskningsparken
Gaustadalléen 21
Pb 69
0349 Oslo

Kontakt