Lunsj med kultur: Flottorp/Solberg med innføring i kunsten i Abels utsikt

Velkomen til forrykande slåttespel - og ei av dei beste utsiktene på Blindern!

Foto: Heidi Furre

Om artistane

Med hardingfele og gitarar spelar Johanne Flottorp og Åsmund Solberg slåttar frå Agder og Telemark på ein iøyrefallande måte. Samspelet er basert på premissane slåttane legg, men med fridom til å tolke musikken breitt.

Det er viktig for duoen å spele både meditative gangarar i fri flyt og stramme slåttar med unisone parti. Og Flottorp/Solberg spelar brureslåttar så vel som danseslåttar.

Felles for all musikken deira, er at slåttane kan bli spelt solo av begge utøvarane. Med dette lagt til grunn står begge godt i tradisjonen, samstundes med at dei tør å gå nye vegar og utfordre det kjende.

Johanne Flottorp og Åsmund Solberg møttest på musikklinja på Dahlske vidaregåande skule i Grimstad. Der byrja dei å spele i band saman, og sidan den gong har dei hatt jamlege samarbeid. Men det er først dei seinare åra at dei har bygd seg opp eit solid repertoar som duo som du kan få høyre på Lunsj med kultur i mars.

Høyr Johanne Flottorp si soloplate på Spotify. 

Kunsten i Abels utsikt

Før konserten får du vite litt om kunsten i rommet. Abels utsikt har en ganske unik utsmykking i UiO sammenheng. Dette vil UiOs kurator Ulla Uberg fortelle mer om.

Om Lunsj med kultur

Lunsj med kultur er en serie ukentlige, gratis kulturarrangementer for studenter og ansatte ved Universitetet i Oslo.

Lunsj med kultur rullerer på sted, og vil i løpet av våren 2019 foregå i Frederikke spiseri, Georg Sverdrups hus, Eilert Sundts hus, Niels Henrik Abels hus, Kjemibygningen, Helga Engs hus, Professorboligen, ZEB-bygningen, Harald Schjelderups hus og i Geitmyrsveien 69/71.

På programmet for våren 2019 finner du teater, dans, performance og slam-poesi. Det blir også konserter med blant andre Darling West, Konradsen, Matonas Afdahl group og Mariama Ndure. 

Programmet er med forbehold om endringer.

Arrangør

Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt
Emneord: Folkemusikk, Kultur, Gitar, Hardingfele, Johanne Flottorp, Åsmund Solberg
Publisert 8. jan. 2019 13:10 - Sist endret 4. mars 2019 11:34