Samarbeid gjev verdiskaping

Vegen til betre pasientbehandling, verdiskaping og nye, grøne arbeidsplassar innan livsvitskap og helsenæring går gjennom samarbeid mellom akademia og industri.

Bildet kan inneholde: erme, service, engineering, arbeidstøy, vitenskap.

Per Morten Sandset, viserektor ved UiO ved den nye, avanserte PET-skannaren som no er tilgjengeleg for forskarar i både akademia og industri, og som kan gje betre og meir presis kreftbehandling raskare og billegare. Foto: Carina Knudsen/UiO.

Oslo med Noregs første innovasjonsdistrikt Oslo Science City har ambisjonar om å bli eit kraftsentrum for livsvitskap og helsenæring. Noregs største forskings- og undervisningsbygg – Livsvitskapsbygget – skal huse forskingsmiljø frå Universitetet i Oslo (UiO) og Oslo universitetssjukehus (OUS) og er ei viktig brikke i dette. Bygget skal auke verdiskaping og internasjonal konkurransekraft innan livsvitskap. Eit viktig premiss for at myndigheitene vil investere over 10 milliardar kroner i bygget, er at universitet og sjukehus skal vere ei open dør til kompetanse og vitskapleg utstyr òg for industrien.

Som representantar for akademia og industri deler UiO og Bayer ambisjonane om ei styrka helsenæring. I tillegg til verdiskapinga for samfunnet i kroner og ører er det viktig for oss at satsing på norsk helsenæring kan gje norske pasientar tilgang på betre behandling tidlegare.

Ei felles suksesshistorie det siste tiåret gjer at vi har tru på at vi kan lukkast.

I 2014 kjøpte Bayer, som er eit internasjonalt konsern, det norske oppstartsselskapet Algeta for 17,6 milliardar kroner. Algeta hadde sitt utspring i grunnforsking ved UiO og OUS og utvikla eit radioaktivt legemiddel til behandling av prostatakreft. Bayer har seinare investert 2,5 milliardar kroner i forsking og utvikling ved det som no er eit 1000 kvadratmeter stort laboratorium for utvikling av legemiddel på Lysaker i Oslo. Eksempelet seier noko om verdiskapingspotensialet innan livsvitskap, og vi trur at òg andre internasjonale selskap kan bli interessert i å legge aktivitet til Oslo dersom vi legg forholda enda betre til rette for bedrifter som vil etablere seg i regionen.

For UiO sin del handlar det òg om å legge forholda betre til rette for forskarar som vil drive med innovasjon og samarbeide med industri. UiO har nyleg etablert ei ny innovasjonseining Veksthuset for livsvitskap som skal hjelpe forskarar og studentar med å vidareutvikle innovasjonsidear og vil òg jobbe for å få på plass insentiv som gjer at det løner seg for den enkelte å jobbe med innovasjon og samarbeide med næringslivet på same måte som det løner seg å forske og undervise. Denne tankegangen får vi støtte for i ein fersk europeisk rapport om innovasjon i akademia.

For to år sidan skreiv UiO og Bayer under ei avtale for meir forpliktande samarbeid nettopp for å fremje sampelet mellom akademia og industri, med det felles mål om å bidra til innovasjon, verdiskaping og grøne arbeidsplassar i Noreg. Vi kom godt i gang med samarbeid om studentinnovasjon og utstyr til eit nytt laboratorium for nukleærmedisin før koronapandemien gjorde at vi måtte ta ein pause. No fortset vi der vi slapp. 25. november opna Oslo Imaging and Therapy Lab som er drifta av Norsk medisinsk syklotronsenter vegg i vegg med Det medisinske fakultet ved UiO og OUS. I dette laboratoriet kan forskarar teste ut nye radionuklidar til bruk i diagnostikk og terapi. Bayer har investert 10 millionar kroner i utstyr som vil støtte forsking og utviklingsarbeid ved både UiO og i Bayer. Dette kan legge til rette for fleire samarbeidsprosjekt og føre til at vi blant anna kan få utvikla betre og meir presis kreftbehandling raskare og billegare – og på sikt nye, grøne arbeidsplassar.

Les òg

Om forfattarane: 

Per Morten Sandset er viserektor for forsking og innovasjon, UiO

Hilde Nebb er leiar for Veksthuset for livsvitskap og visedekan for innovasjon og internasjonalisering, Det medisinske fakultet, UiO

Alan Cuthbertson er leiar for forsking, Bayer AS

Av Per Morten Sandset, Hilde Nebb, Alan Cuthbertson
Publisert 30. nov. 2021 09:41 - Sist endret 30. nov. 2021 09:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

 Rektorteamet. Foto: Jarli & Jordan/UiO

Rektorbloggen

#UiOiSamspill

Vårt ønske er at UiO styrker sin evne til samspill internt og eksternt. Målet er å utnytte den enestående posisjonen vi har som hovedstadsuniversitet i en av de mest kunnskapsintensive regionene i Europa.

I Rektorbloggen skriver vi om saker av stor betydning for UiO.

Foto: Jarli & Jordan/UiO