Norsk Ordbok blir lansert

Onsdag 9. mars lanserer vi 12. og siste band av Norsk Ordbok. Det vert markert med ei stor lansering i Universitetets aula. Norsk Ordbok 2014 og Universitetet i Oslo har den gleda å invitere dykk alle til denne historiske markeringa.

Foto: Ola Sæther

Norsk Ordbok har undertittelen «Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet». Norsk Ordbok dekkjer alle dialektar frå Aremark og Idd i Østfold til Kirkenes i Finnmark. Ein stor del av materialet er samla inn av  frivillige og ubetalte medarbeidarar, som også har hjelpt til med litteraturinnsamlinga. Slik sett er Norsk Ordbok eit gigantisk dugnadsprosjekt.

Planlegging og ordinnsamling tok til i 1929 – og ordinnsamlinga held på framleis.

Utgjevingssoga tok til i 1950, med første hefte (dei fire første banda vart utgjevne i hefte). Første band kom i 1966. Tolvte og siste band kjem no, i 2016 – det blir ei utgjevingssoge på 66 år. Ordboka har no om lag 325 000 artiklar, og sjølve teksten er på (om lag) 64 millionar teikn og 10 millionar ord.

Norsk Ordbok tek sin plass mellom dei store vitskaplege ordbøkene for europeiske språk, men er samstundes eit pionerarbeid, ettersom det er den første store vitskaplege ordboka som bruker talemålet som ei likeverdig kjelde med skriftmålet.

Så kva skal det norske språksamfunnet med Norsk Ordbok?

Eit stort, eittspråkleg ordboksverk er for det første eit portrett av ein kultur – av den omgrepsverda som finst  bak orda eit språksamfunn rår over. Kvar ordartikkel kan reknast som eit kikhol inn i ein måte – vår måte! –  å forstå og tolka verda på, der oppslagsordet er kikholet og definisjonane med bruksdøme til, er tolkinga.

Det meste av ord og omgrep i norsk er fellesgods. God kommunikasjon føreset at vi er samde om kva orda tyder. Slik sett er ei stor ordbok ei plattform for å oppnå konsensus – om ein manglar eit ord, og finn det i ordboka, så kan ein jo bruka det!

For det andre sørgjer Norsk Ordbok for å gje alle som er del av det norske språksamfunnet, ei stemme, ved å visa at orda deira kan brukast i skrift, og høyrer til i skriftmålet. Folk treng ikkje å bytta ut orda dei er vaksne opp med for å bli forstått. Ordboka ER jo der, så om eit ord er ukjent, så er det berre å slå opp!

Takk vera overgangen til digital plattform, er det blitt lett å slå opp i Norsk Ordbok på nettet. Den delen av Norsk Ordbok som ligg på nettet, blir brukt av mange kvar dag.

Velkommen til markeringa i Aulaen onsdag 9. mars kl. 12.45–14.00! 

Publisert 3. mars 2016 12:49 - Sist endret 3. mars 2016 14:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere