Skrivenatt på HumSam-biblioteket

Skrivenatt er eit opent tilbod til alle studentar på UiO frå kl 17-24, onsdag 5.april på HumSam-biblioteket. Arrangørar er HumSam-biblioteket og Akademisk skrivesenter.


Studentane som kjem, får jobbe med akkurat det dei har lyst til, og innimellom skrivinga kan dei velje mellom åtte ulike foredrag/workshops, samt diskusjonar med skrivementorane og kvarandre.

Lynn Nygaard skal ha boklansering for den neste boka si (Writing Your Master’s Thesis: From A to Zen (SAGE 2017)), og Åsmund Eikenes skal gi realistar konkrete tips til å ta fatt på skrivinga. Begge desse foredraga skal vere på engelsk. Eg håpar at også erfarne master- og PhD-studentar nyttar seg av tilbodet.

Meir info om Skrivenatt

Eikenes skriv til meg at han ofte ser haldninga "I'll just finish one more experiment, and then I will write up". Denne tilnærminga fortel nye studentar at skriving er ein ettertanke og reduserar skriveprosessen til unyttig hastverksarbeid.

Eikenes vil i staden fortelle studentane at skriving har tre funksjonar, også for realistar. Vi skriv for å lære, vi skriv for å utforske, og vi skriv for å kommunisere.

Åsmund Eikenes har ei liste med fem råd:

1) start tidleg

2) sjå på skriving som ein dialog

3) bytt hattar

4) les høgt

5) be om hjelp

Mentorane ved Akademisk skrivesenter vil vere tilstades for å gjeve hjelp, svare på spørsmål og heie fram skrivarane. Mentorane er no ein gjeng på 8-10 stykk, stort sett frå språk- og statsvitskap. Ingerid Straume er leiar for skrivesenteret.

Velkomen til Skrivenatt!

Publisert 5. apr. 2017 15:54 - Sist endret 7. apr. 2017 09:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere