English version of this page

Sykkelparkering

UiO har lagt godt til rette for at du kan sykle til studier og jobb, anten du sykler med eigen sykkel og parkerer i eit av dei 3 000 sykkelstativa, eller om du vel bysykkel.

Mange ledige sykkelstativer på Blindern.
Mange ledige sykkelstativ på Blindern.

Du finn sykkelstativa overalt på UiO. På Blindern er det stativ utanfor kvar inngong – til saman plass til nærare 2 000 syklar. 

Ikkje set sykkelen slik at han sperrar gangvegar eller inngongsparti, eller er i vegen for allmenn ferdsel. Du parkerer sykkelen på eige ansvar, både ute og inne. 

Vis omsyn til fotgjengarar når du syklar på gangvegane. Der det er mange fotgjengarar, kan det vere lurt å trille sykkelen.

Låst sykkelparkering under tak

Det finst låst sykkelparkering under tak fleire stader på campusane. Hugs at det ikkje er tillate å langtidsparkera syklar, til dømes over vinteren. Eigedomsavdelinga er i gang med å utvide tilbodet om låst sykkelparkering for tilsette og studentar.

Blindern

Bak Eilert Sundts hus A, ved inngongen frå Moltke Moes vei, finn du sykkelstall med kortlesar. Studentar og tilsette har tilgang.

Låst sykkelparkering i økonomigården mellom Fysikkbygningen og Kjemibygningen. Tilgang med kortlesar.

Gaustad

Ole Johan Dahls hus finst eigen inngong i garasjen for dei som går og syklar. Studentar har tilgang til sykkelrommet i vanleg opningstid. 

Geitmyrsveien

Ved Det odontologiske fakultet er det mogleg å parkere i garasjen. Tilgang med kortlesar.

Sentrum

Domus Juridica er det sykkelparkering i kjellaren for studentar og dei som jobbar i bygninga. Adkomst med sykkel via vareheis i kontorinngong frå gangpassasje. UiO-tilsette har eige innelåst område for sykkelparkering. Adgang med kortlesar.

Sykkelpleie og servicepunkt

Sykkelvaskemaskina er for tida ikkje tilgjengeleg. Vi jobbar med å finne ny løysing. 

På Studenttorget foran Helga Engs hus finn du eit servicepunkt med to sykkelverktøy som er festa på ein stålwire som kan trekkast ut. Her kan du blant anna pumpe opp dekka og fiksa småting på sykkelen. 

I Domus Juridica kan studentar og tilsette med adgang til bygninga gjennomføre enkel sykkelvask og -pleie i kjellaren.

Bysykkel

På Blindern har du god tilgang til bysykkelordninga Oslo Bysykkel.

Feilparkerte syklar

Det er ikke lov å ta med syklar eller sparkesyklar inn i bygningane. Dette grunna omsyn til rømmingsvegar, reinhald og generelt at det skal vere mogleg å kome seg fram. Feilparkerte syklar vert fjerna. Etterlatne og øydelagde syklar vert også fjerna. 

Syklane vert plasserte på næraste sykkelparkering med den låsen dei er utstyrte med, eller vert overleverte til Parkseksjonen, som tek vare på dei i tre månadar. Kontakt Eigedomsavdelinga viss du har spørsmål. 

Motorsykkel og moped

UiO oppfordrar til å parkere mopedar og motorsyklar på oppmerka plasser. Det er gratis å parkere på ein av dei 12 oppmerka plassane mellom Fysikkbygningen og Helga Engs hus. Det er ikkje lov å parkere på grøntareala.

Meld frå om skadar, behov eller manglar

Du kan melde inn behov som gjeld dagleg drift, reinhald, uteområda, avfall, intern flytting, budtenester eller anna driftsarbeid.

Send melding eller sjå Min side

Lurer du på kvifor sykkelparkeringa er sperra?

Sjå oversikt over pågåande og planlagde arbeid.

Publisert 31. jan. 2018 09:20 - Sist endra 5. jan. 2024 10:02