Erklæring om personvern for nyheitsbreva til UiO

UiO er opptatt av personvern og av å følge gjeldande personvernreglar for nyheitsbrev. Vi har oppdatert rutinane våre slik at dei følger dei nye personvernreglane.

Samtykke og avmelding

Du får nyheitsbrev frå oss fordi du har samtykka i å få dette. Du kan når som helst trekkje tilbake samtykket ditt. Då slettar vi e-postadressa di.

Viss du ikkje vil halde fram med å ta i mot nyheitsbrevet vårt oppfordrar vi deg til å melde deg av med å sende ein e-post til e-postadressa du finn i nyheitsbrevet.

Personvernsider og personvernombod på UiO

Vi har eit personvernombod på UIO som du kan komme i kontakt med ved å sende epost til personvernombudet@uio.no.

Vi har også eigne nettsider om personvern på Universitetet i Oslo.

Personopplysningar som vert behandla i tenesta

Dine personopplysningar vert, i tillegg til av oss, behandla av Mailchimp. Dei leverer den tekniske løysinga for nyheitsbrevet vårt. 

Personopplysningar som vert behandla er e-postadressa di. Dine personopplysningar vert lagra heilt til du trekker samtykket ditt.

Meir om Mailchimp

  • UiO samarbeider med leverandøren Mailchimp (The Rocket Science Group) om utsending av nyheitsbrev, og det er dette selskapet som lagrar epostadressa di.
  • Mailchimp er eit amerikansk selskap, og er ein av dei største leverandørane av nyheitsbrev i verda. Dine personopplysningar vert derfor overførte til USA.
  • Mailchimp har også underteikna ein databehandlaravtale med Universitetet i Oslo når det gjeld behandling av persondata. Mailchimp behandlar berre e-post-adresser til dei som abonnerer på nyheitsbrevet vårt, og formålet med behandlinga er å kunne sende deg nyheitsbrevet. 
  • Det kom ein ny EU-dom tidlegare i år, som gjorde Privacy Shield ugyldig. Privacy Shield var ein måte å overføre data mellom EU og USA på. Mailchimp, som mange andre, brukte denne løysinga.
  • Sidan dommen frå EU har Mailchimp endra dette. Dei bruker nå EU sine standardvilkår, som er eit alternativt grunnlag for overføring av data.
  • Behandlingsansvarleg og personverngruppa ved UiO stadfester at sidan Mailchimp har bytta sitt overføringsgrunnlag til standardvilkåra til EU, er det ok å nytte seg av denne tenesta inntil vidare.

Klage til Datatilsynet

Du kan fremme ei klage til Datatilsynet viss du meiner at personvernet ditt er krenkt.

Gjenbruk av informasjon

Vi skal ikkje gjenbruke e-postadressa di til andre e-postlister.

Om dette skulle verte aktuelt kjem vi til å ta kontakt for å be om nytt samtykke til å føre opp epostadressa di på ei anna liste.

 

Publisert 28. juni 2018 14:07 - Sist endra 23. mars 2021 11:33