Kva gjer vi med alle pengane? Avmakt eller allmakt?

Partnerforum arrangerte frukostmøte om bruk av oljepengane. Først presenterte professor Øystein Noreng frå Handelshøyskolen BI synspunkt frå si forsking, deretter fekk vi ein kommentar ved professor Steinar Holden frå Universitetet i Oslo.  

Program

08.00  Frukostservering og registrering
08.15  Kva gjer vi med alle pengane? Avmakt eller allmakt? (pdf) Ved Øystein Noreng, BI.
08.50  Påfyll kaffe/te
09.00  Kommentarar (pdf) ved Steinar Holden, Universitetet i Oslo.
 

Kva gjer vi med alle pengane? Avmakt eller allmakt?

Statens Pensjonsfond Utland, tidlegare Petroleumsfondet veks langt raskare enn forventa. I følgje professor Øystein Noreng er det ingen grunn til å forlate den varsame linja i bruken av olje- og gassinntektene, det vil seie fondet si normale avkasting på 4 prosent. Men derimot er det god grunn til å stille spørsmål ved kva desse inntektene blir brukte til, meiner Noreng. Noreng kritiserer manglande langsiktig og strategisk tenking ved bruk av fonsdmiddel, både blant politikarane og i forvaltinga. Politikarane si prioritering av kortsiktige velferdsformål går ut over det langsiktige perspektivet: Investeringar i infrastruktur, forsking og skattelette som kunne ha ført til at Noreg si konkurranseevne vart styrkt på lang sikt, blir utkonkurrert av kontantstønad, barnehagar, pleieheim og sjukehus. I tillegg hevder Noreng at Finansdepartementets budsjettordning fungerer som ein bremsekloss for langsiktige strategiske investeringar. Resultatet blir til dømes færre heilskaplege og fleirårige bevilgingar til samferdsleprosjekt og til kompetansebygging ved høgare utdanning, forsking og utvikling. Kontrasten er slåande mellom signala som blei gitt av Stoltenberg si regjering i 2001 og handlemåten til dagens regjering, hevder Nordeng. Ei prioritering av kunnskapsutvikling og infrastruktur for å styrke langsiktig konkurranseevne er avløyst av ei prioritering av velferd saman med ei vegring for nytenking i økonomisk politikk.

Vi spør: Er budsjettsystemet og bruksmåten ei oppskrift for handlingslamming og ei sperre for nytenking i økonomisk politikk? Den første som får svare på dette er Steinar Holden.

 

Om innleiarane

Øystein Noreng er professor i petroleumsøkonomi ved Handelshøyskolen BI. Han har doktorgrad i statsvitenskap frå Sorbonne-universitetet i Paris, Frankrike. Noreng leiar avdeling for petroleumsstudier ved BIs senter for energi og miljø. Noreng har gitt ut fleire bøker om internasjonal oljepolitikk, særleg i tilknytning til Midtausten. Noreng er aktiv deltakar i norsk og internasjonal samfunnsdebatt om oljeøkonomi og politikk.

Steinar Holden er professor ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo. Hans forskningsområder omfattar lønnsfastsettelse, forhandlingar, makroøkonomi, arbeidsmarked og pengepolitikk. Holden har tidligare arbeidd som rådgjevar både i Finansdepartementet og i Norges Bank, og har siden 2001 hatt bistilling som vitskapleg rådgjevar for Norges Bank. Holden har hatt ei rekke verv i offentlege utval, seinast i Ekspertutval om arbeidstidsordningar knytt til skift/turnus og uønska deltid.

 

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Økonomi
Publisert 29. juni 2011 11:17 - Sist endra 15. jan. 2016 13:39