Kunnskapsbasert forvaltning? Tverrfaglege utfordringar i miljøpolitikken

Møtet tok opp utfordringar for tverrfagleg forskingssamarbeid – infrastrukturen for slikt samarbeid stiller krav om ei betre koordinering, i dag synest ansvaret å vera pulverisert. Er innsikta vi har skaffa oss i Noreg vert brukt på ein god måte?

Hovudinnlegget er henta frå miljøforskinga; professor Rolf D. Vogt frå Universitetet i Oslo (UiO) presenterer utfordringar for tverrfagleg miljøsamarbeid ut ifrå sine erfaringar frå Kina. Etter innleiinga opnar vi for diskusjon leia av professor Nils Roar Sælthun frå Institutt for geofag, UiO.

Oppsummering (pdf)
 

Program

08.00

Frukostservering og registrering

08.15

Liv og lære for policy-orientert miljøforsking (pdf)
Professor Rolf D. Vogt, Kjemisk insitutt, UiO

08.50

Påfyll kaffi/te

09.00

Spørsmål og diskusjon
Kort innleiing (pdf)  ved diskusjonsleiar Nils Roar Sælthun, Institutt for geofag, UiO

Kommentarar frå:
Noregs forskingsråd: Jesper Simonsen, avdelingsdirektør, Avdeling for globale utfordringer
Norad: Bente Herstad, avd.direktør, Avdeling for miljø, infrastruktur og energi
 

10.00

Slutt

 

Liv og Lære for policy-orientert miljøforskning ute og hjemme

Dei globale miljøutfordringane reiser nye politiske spørsmål. Utfordringane vert skapte gjennom eit komplisert samspel mellom ulike drivkrefter, og effektane råkar både naturen og levekåra til folk. Utforminga av ein effektiv klimapolitikk krev tverrfagleg kunnskap både om drivkrefter og om effektar. Norske miljø har gjennom samarbeid opparbeidt kompetanse i og erfaring frå løysing av samansette miljøproblem.

Rolf D. Vogt, UiO:
"Det står nå eit velorganisert tverrfagleg forskarkorps frå ei rekke norske fagmiljø klart for å drive tverrvitskapleg beslutningsorientert miljøforsking i Kina. Hovudutfordringa er likevel å leggje til rette for dette i praksis. Regjeringa sin nye Kina-strategi frå august 2007 har ambisiøse miljømål, men ennå har ikkje miljøforskinga fått nokon rolle i gjennomføringa av denne trass i at det er sett fram klare ønske frå kinesiske fagmiljø om samarbeid om løysing av dei store miljøproblema dei står overfor."

Miljøverndepartementet ser eit stort behov for å utvikla tverrvitskaplege, kunnskapsbaserte beslutningsverktøy, men har ikkje midlar til å finansiera slik forsking. Noregs forskingsråd på si side er i liten grad i stand til å levera program som opnar for denne type tverrfagleg forvaltningsorientert forsking. Dette skuldast hovudsakleg avgrensa programmidlar, men òg at prosjekt som utforskar grenseflata mellom fagområde, fell utanom eit system der grundig forsking i enkeltdisiplinar vert prioritert.

Globale miljøproblem vert ikkje løyste her i landet. I Kina har Noreg no eit unikt høve til å gjera nasjonale og lokale styresmakter i stand til å implementera kunnskapsbaserte miljøtiltak. Norske erfaringar, blant anna frå arbeid med sur nedbør, viser at eit fleirfagleg samarbeid er naudsynt for å utvikla ein kostnadseffektiv politikk. Kinesiske forskingsmiljø har liten erfaring med fleirfagleg og tverrfagleg samarbeid og ynskjer derfor å læra av den kompetansen som er utvikla i Noreg.
 

Om bidragsytarane

Rolf David Vogt er professor i miljøkjemi og leiar av SINCIERE, Sino Norwegian Centre for Integrated Environmental Research. Han har ei tverrfagleg utdanning, med ein Ph.D. i miljøkjemi/analytisk kjemi frå Universitetet i Oslo. Vogt forskar på miljøeffektar av forureiningar, i samarbeid med forskarar innanfor andre realfag, samfunn og økonomi. Dei siste 20 åra har han studert miljøproblem relaterte til luftborne forureiningar (for eksempel sur nedbør, tungmetall) i utviklingsland (spesielt Kina, Kirgisistan, Ukraina og Polen).

Nils Roar Sælthun er professor i hydrologi og leiar for Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo. Han har tidlegare arbeidd ved NVE og NIVA, og har allsidig erfaring frå internasjonalt samarbeid og prosjektarbeid, frå Latin-Amerika, det sørlege Afrika, Midtausten, Aust-Europa og Søraust-Asia. Fagområdet er innan vatnressursar, energi og klima, men han har også arbeidd med institusjonsbygging.

 

Arrangør

Partnerforum
Emneord: FoU, Forvaltningspolitikk, Klima og miljø
Publisert 29. juni 2011 11:17 - Sist endra 5. mars 2014 10:29