2009

Tidlegare

Tid og stad: 8. des. 2009 08:0010:00, Akersgata 59 (R5), auditoriet

I Stortingsmelding nr. 17 (2002–2003), “Om statlige tilsyn”, varsla regjeringa at hovudkontora for åtte tilsyn, med ein samla stab på i overkant av 900 personar, skulle leggjast til andre byar enn Oslo. Val av lokalisering blei gjort med utgangspunkt i at tilsyna skulle ha god tilgang på høgt kvalifiserte medarbeidarar og at dei var forankra i fagmiljø av høg klasse. Kva kan vi seie om forholdet mellom kor uavhengige tilsyna skal vere og departementa si styring? Kva kan vi seie om verknadene for personell, kompetanse, kostnader, kvalitet i oppgåveløysinga og konsekvensar for tilfyttingsregionen?

Tid og stad: 21. okt. 2009 08:0010:00, Akersgata 59 (R5), Auditoriet

Norsk velferdsforsking viser seg å vere omfattande, velfinansiert, rutinisert og institusjonalisert. Departementa har brukt over ein halv milliard kroner på velferdsforsking dei siste ti åra. Korleis blir denne forskinga brukt? Korleis har forskinga prega politikkutforminga?  

Tid og stad: 12. mai 2009 08:0010:00, Handelshøyskolen BI, Nydalsveien 37. Rom B2-060

Målingane frå Norsk Kundebarometer viser at statseigde tenesteytarar har problem med å gjere brukarane så nøgde som det aktørar i bransjar prega av konkurranse, klarer. Vi spør: Kva kan gjerast? Vi bydde også på ein presentasjon av styresmaktene si nye innbyggjarrundersøking – om det inntrykket folk har av publikumsretta statlege og kommunale tenester. Kva er utfordringane ved å måle kor tilfreds brukarane er med tenester som det offentlege yter?

Tid og stad: 25. feb. 2009 08:0010:00, Akersgata 59, Oslo, Auditoriet (R5)

NAV-reforma er den største forvaltningsreforma i Noreg nokon gong, når det gjeld tal tilsette, brukarar og ressursar. Dette frukostmøtet har som mål å formidle fersk kunnskap om kvar NAV står i dag og diskutere nokre av utfordringane ved den omfattande reforma. Vi får innleiingar av Tom Christensen og Kåre Hagen, som leier kvar sin modul av evalueringa av NAV.