OPS! Kvifor skulle dette gjelde oss? Offentleg Privat Samarbeid (OPS) - erfaringar og prinsipielle betraktninger
Kva er OPS og kva er status for arbeidet med OPS sett frå statens ståstad? På kva område og under kva for område og under kva omstende kan OPS nyttast – eller helst ikkje? Frukostmøtet ga ei innføring i temaet. Vi fekk presentert nokre overordna, prinsipielle synsmåtar med råd frå Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo. Statens vegvesen presenterer erfaringar frå tre OPS-prosjekt.
Program
07:45 |
Frukostservering og registrering |
08:10 |
OPS - noen prinsipielle betraktninger (pdf) |
08:40 |
OPS-modellen i praksis - målsetting og erfaring (pdf) |
09:10 |
Diskusjon |
Om innleiarane
Nils-Henrik von der Fehr er professor og leier Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo. Von der Fehrs kjennskap til OPS-problemstillingar kjem dels frå hans vitskaplege arbeid om offentleg regulering og marknader og dels frå forskjellige rådgivingsoppdrag for offentlege og private aktørar. Von der Fehr arbeider mellom anna med korleis styresmaktene kan leggje til rette for effektiv ressursbruk, både i offentleg sektor og i andre delar av samfunnsøkonomien. Han har leidd fleire offentlege utval, vore rådgivar for offentlege styresmakter og private aktørar nasjonalt og internasjonalt, og var i ein periode ordførar i Hurdal kommune.
Von der Fehr vil mellom anna ta opp desse momenta:
•Høve til langsiktig finansiering – jfr. ulike (sjølvpålagde) budsjettavgrensingar i stat/kommune/offentleg sektor
• Oppgåvefordeling mellom offentleg og privat sektor – kvar går grensa og kvar bør ho eventuelt gå?
• Risikofordeling mellom offentleg og privat sektor – jfr. risiko for overskridingar etc.
• Styringsutfordringar i offentleg sektor – jfr. "harde" og "mjuke" budsjettskrankar
• Kontraktsteori – korleis OPS-avtalane bør utformast
Kjersti Billehaug er sjefingeniør ved Statens vegvesen, Vegdirektoratet. Billehaug har vore prosjektleiar i Vegdirektoratet ved gjennomføring av dei tre OPS-prosjekta. Ho har hatt ansvar for utviklinga av den norske OPS-modellen for vegar og kontrahering av dei tre prøveprosjekta. Billehaug er statens representant i OPS-kontraktane. Kjersti Billehaug er sivilingeniør bygg frå NTH (NTNU), med etterutdanning frå BI i Strategisk omstilling av offentleg sektor.
Momenter i Billehaugs innlegg:
• Korleis Statens vegvesen fekk tre OPS-prosjektar til ein verdi av meir enn 6 milliarder kroner. Om oppdraget frå Storting og departement
• Hypoteser om effektivisering og korleis Statens vegvesen tilrettela modellen
• Privat finansiering - myter og fakta
• Erfaringar så langt
Dag Strømsnes er avdelingsdirektør ved Avdeling for offentlege innkjøp i Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi). Strømsnes har hovudfag i statsvitskap og lang erfaring med utvikling av styring og organisering i offentleg sektor. Han har omfattande erfaringar frå skjeringsflata mellom offentlege og private løysingar, både frå offentleg sektor (departement) og som leiar av PricewaterhouseCoopers si OPS-satsing. Strømsnes har vore prosjektleiar på fleire større infrastrukturinnkjøp og vurderingar av om løysingane har vore eigna, både innanfor helsesektoren, universitet, tunnelprosjekt, høgskular, forsvaret og bustadreising for vanskelegstilte. I tillegg har Dag leidd arbeidet med ulike utgreiingsjobbar i relasjon til OPS, mellom anna har han på vegne av NHD utarbeidt både ein større grunnlagsrapport og deretter ei rettleiing om OPS.