Tilfreds med offentlege tenester - er det mogleg?
Innbyggerundersøkelsen er ei ny og omfattande spørjeskjemaundersøking, og den vil bli eit nyttig verktøy i reformarbeid og vidareutvikling av offentlege tenester. Norsk Kundebarometer har gjort målingar i over ti år, og det har mellom anna resultert i fleire forskingspublikasjonar. Er innbyggjarane tilfredse med offentlege tenester? Korleis kan vi bruke materialet frå undersøkingane til å gjere offentlege tenester betre? Og korleis tolkar vi desse resultata?
Program
07.45 |
Frukostservering og registrering |
08.10 |
Innbyggerenes tilfredshet med offentlige tjenester (pdf) |
08:45 |
Kundebarometer for offentlige tjenester (pdf) |
09.20 |
Spørsmål og diskusjon |
10.00 |
Slutt |
Innbyggerundersøkelsen er ei landsomfattande spørjeskjemaundersøking retta til Noregs befolkning og brukarar av ulike offentlege tenester. Innbyggjarane har svart på spørsmål om deira generelle syn på ei rekkje ulike offentlege tenester, både statlege, fylkeskommunale og kommunale. Undersøkinga skal gjennomførast jamleg, og er i regi av FAD (Fornyings- og administrasjonsdepartementet) og Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT). På frukosten vil John Nonseid frå Difi presentere bakgrunnen, innhald, resultat og planar for vidare oppfølging av resultata frå Innbyggerundersøkelsen.
Forskingsprosjektet Norsk Kundebarometer ved Handelshøyskolen BI har i meir enn ti år intervjua norske innbyggjarar om kor tilfreds dei er med leverandørar av varer og tenester som er viktige i norske hushaldningar. Norsk Kundebarometer måler kor nøgde brukarane er for utvalde offentlege tenester som likningskontora (skatteetaten), fastlegen, renovasjon, lånekassen, NAV og trafikkstasjonen. Professor Tor W. Andreassen ved Handelshøyskolen BI vil presentere siste nytt frå Norsk Kundebarometers måling av offentleg sektor for 2010. Kva har skjedd sidan i fjor?
Om innleiarane
John Nonseid er seniorrådgivar i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), og arbeider særleg med kartleggingar og evalueringar. Nonseid er utdanna cand. philol. frå Institutt for media og kommunikasjon (UiO) 1997. Han har erfaring frå Statens informasjonsteneste og Statskonsult AS. I Difi er Nonseid blant anna prosjektleiar for Innbyggerundersøkelsen 2009/2010 og for undersøking av fylkesmannen 2010.
Tor Wallin Andreassen er professor i marknadsføring og leiar av Institutt for markedsføring ved Handelshøyskolen BI. Andreassen har Ph.D. fra Stockholms universitet og er ein førande forskar på leiing av servicebedrifter. Han har grunnlagt forskingsprosjektet Norsk Kundebarometer ved BI. Andreassen deltar i ei arbeidsgruppe sett ned av Fornyings- administrasjons- og kirkedepartementet som arbeider med å utvikle modellar for korleis vi kan måle kor tilfreds brukarane er med offentlege tenester.