Sosiale media i staten - å dele og delta med ny teknologi

Kva nye krav blir stilte for å kommunisere effektivt og truverdig med dei du ønskjer å nå?

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Partnerforum inviterte til seminar om bruk av sosiale media i statleg forvaltning.

Difis nye rettleiing i bruk av sosiale media i forvaltninga blei presentert på frukostmøtet. Vi fekk også høyre om Utanriksdepartementet sitt arbeid med sosiale media. Cecilie Staude, førstelektor og bloggar ved Handelshøyskolen BI, presenterte eigne erfaringar med referanse til forsking på bruk av sosiale media. Tanja Storsul, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, kommenterte innlegga og leide diskusjonen.  

Program

08:00

Frukostservering og registrering

08:30

Difis veileder om sosiale medier for forvaltningen (pdf)
Hans Christin Holte, direktør i Direktoratet for forvaltning og IKT

08:45

Erfaringer fra Utenriksdepartementet (pdf)
Bjørn Staurset Jahnsen, avdelingsdirektør i Utenriksdepartementet

09:05

Sosiale medier i staten (pdf)
Cecilie Staude, førstelektor ved Handelshøyskolen BI

09:50

Kommentar og debatt leidd av
Tanja Storsul, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo


Bidragsytarane

Hans Christin Holte er direktør i Difi. Holte er utdanna statsvitar og har arbeidt med forvaltningsutvikling og IKT i ulike rollar og i fleire sektorar. Han har vore avdelingsdirektør i Helsedirektoratet med ansvar for IT-samordning i helsesektoren, og han har jobba med år 2000-problemet i AAD. Holte kom frå stilling som ekspedisjonssjef i Kunnskapsdepartementet då han blei direktør i Difi.

Bjørn Staurset Jahnsen er kommunikasjonssjef i Utanriksdepartementet. Han har vore stasjonert som norsk diplomat ved ambassadane i Mexico, London og Madrid. Jahnsen har også jobba i Nærings- og handelsdepartementet og det britiske utanriksdepartementet. Jahnsen har leidd innføringa av sosiale media i Utanriksdepartementet.

Cecilie Staude er høgskulelektor ved Institutt for markedsføring på Handelshøyskolen BI.  Ho har tidlegare jobba som kommunikasjonsrådgivar i Geelmuyden Kiese og GCI Monsen. Staude er aktiv i kursutvikling for bedriftsmarknaden i regi av BI Bedriftsmarked. Ho held også foredrag og kurs for næringslivet.

Tanja Storsul er førsteamanuensis i medievitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har forska på institusjonelle og politiske endringsprosessar knytte til teknologiskifte som digitalisering av etablerte media (telekommunikasjonar og fjernsyn) og introduksjon av nye medieplattformer (internett og mobile media). Storsul har også forska på bruk av sosiale media og kva desse har å seie for forvaltning og politikk. Rapporten “Nye nettfenomener" blei utarbeidd for Fornyings- og administrasjonsdepartementet i 2008.

Sissel Kristin Hansen er prosjektleiar for Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sitt arbeid med å lage ei rettleiing i sosiale media for forvaltninga. Ho jobbar også med Statens kommunikasjonspolitikk og sosiale media i Avdeling for forvaltningskunnskap og organisering ved Difi. Hansen er medievitar frå Institutt for media og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo og skreiv hovudoppgåve om ”strategisk kommunikasjon i Statoil”. Ho har tidlegare jobba i Statens informasjonsteneste og som informasjonssjef i to divisjonar i Posten.

 

Arrangør

Partnerforum
Emneord: IKT, Forvaltningspolitikk, Kommunikasjon
Publisert 29. juni 2011 11:16 - Sist endra 11. aug. 2016 11:55