Innovativ leiing og kjønn – kvifor er kjønnsmangfald viktig i dagens arbeidsliv?

Frukosten tok opp kva leiaråtferd har å seie for å fremje innovasjon på arbeidsplassen. Leiarar påverkar arbeidsmiljøet på ulike måtar – nokre er betre til å skape eit trygt og godt innovasjonsklima enn andre. Kva er forskjellen på kvinnelege og mannlege leiarar?

Program

  • Innovasjonsledelse og kjønnsmangfold (pdf) ved Anne Grethe Solberg, forsker, Universitetet i Oslo
  • Kommentar frå Ingunn Cowan, avd. dir i Kundetjenesteavdelingen, Lånekassen
  • Diskusjon leia av Marit Wærness, avdelingsdirektør, Direktoratet for forvaltning og IKT

Om frukostmøtet

Statlege verksemder blir oppmoda om å setje leiing på dagsordenen og å utvikle leiarrolla. God leiing vil vere avgjerande for innovasjonsevna i offentleg sektor. Med innovasjon forstår vi offentlege organisasjonar si evne til å endre arbeidsformer for å løyse problem og møte nye utfordringar. Som eit bidrag til arbeidet med leiarskapsutvikling i staten, fokuserer partnarfrukosten denne gongen på leiing som gir godt innovasjonsklima i eit kjønnsperspektiv. Korleis kjem kjønn til uttrykk ved leiing i ein organisasjon? Er det viktig at din organisasjon har kjønnsbalanse i leiinga?

Om innleiaren

Anne Grethe Solberg er utdanna organisasjonssosiolog frå UiO. Ho har brei og lang erfaring frå å rekruttere kvinner og frå å køyre leiarprogram med målsetjing om å oppnå kjønnsbalanse i organisasjonar. Solberg er for tida forskar ved UiO.

Ingunn Cowan er avdelingsdirektør for kundetenester i Lånekassen, der ho har jobba i 10 år. Ho var først rekneskapssjef, seinare blei ho ansvarleg for ulike prosjekt som har vore sentrale for moderniseringa av Lånekassen. I 2006 fekk Cowan ansvaret for å opprette ei heilt ny avdeling i Lånekassen, med til saman 55 medarbeidarar, Kundetenesteavdelinga. Avdelinga har ansvar for Kundesenteret, Kundeinformasjon, mellom anna alle WEB-tenestene, og datafangst frå samarbeidspartnarar og kundar.

Marit Wærness er leiar for avdeling for leiing, omstilling og medarbeidarskap i Difi. Avdelinga har m.a. ansvar for sentral opplæring og utvikling av leiarar i staten. Wærness har tidlegare jobba i Statskonsult og sju år i svensk statsforvaltning.

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Ledelse, Mangfold og likestilling, Innovasjon
Publisert 24. juni 2011 10:03 - Sist endra 3. mai 2012 14:20