Reform av offentlege tenester – er det samsvar mellom behov, organisering og finansiering?

Har reformene verka etter føremålet? Fungerer organiseringa i forhold til drift og vedlikehald, store utbyggingar og ikkje minst demokratiet?

Program

07:45    Registering og frukostservering

08:05    Velkommen ved Partnerforum

08:10   Reformer i nettverkssektoren, blåkopi eller skreddersøm? 
           Samferdsel: Organisering for samfunnsbehov? (pdf) 
           
Dag Harald Claes og Per Kristen Mydske, Universitetet i Oslo

08:40   Kollektivtransport og finansieringsmodeller (pdf)  
            Silvia Olsen, Transportøkonomisk institutt

08:55   Kommentar ved Lars Aksnes, Staten vegvesen, Vegdirektoratet

09:10   Diskusjon. Diskusjonsleiar: Thomas Boe Hornburg

10:00   Slutt
 

Program (pdf)
 

Om seminaret – bakgrunn og innhald

Reformer i offentlege nettverkssektorar skaper spenningar mellom tenesteytinga, vedlikehald av infrastrukturen og den overordna forvaltninga av sektorane i eit samfunnsperspektiv.

Korleis vert desse spenningane takla? Vi byr på døme frå samferdselssektoren, og spør: kan meir pengar løyse alt?

Gir meir marknad mindre byråkrati? Vil innslaga av profittmotiverte aktørar skape behov for ei endå større og betre forvaltning? Fungerer organiseringa i forhold til drift og vedlikehald, store utbyggingar og ikkje minst demokratiet? Har politikken abdisert?

Seminaret tar utgangspunkt i boka "Forretning eller fordeling? Reform av offentlige nettverkstjenester", som er redigert av Per Kristen Mydske og Dag Harald Claes, begge professorar i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Nettverkstenestene jernbane, post, tele, veg og kraft har i løpet av nokre tiår blitt omdanna frå store statlege etatar til organisasjonar som i større eller mindre grad er frikopla frå den statlege styringa. Eit viktig formål har mellom anna vore å effektivisere tenestene. Men mange av problema dei siste åra i blant anna jernbane, veg og kraft har nettopp vore mangel på effektivitet. Somme vil meine at problemet i nettverksverksemdene skuldast for lite reformer, medan andre vil hevde at det er reformene som har skapt problema.

Ved sida av dei reine forskingsmåla for denne boka ønskjer forfattarane å stimulere til offentleg debatt om spørsmål av typen: Har reformene verka etter føremålet? Har reformene fått ein eigendynamikk utanfor politisk kontroll? Kva er dei ulike aktørane sine maktressursar og korleis blir dei brukte? Og, sist, men ikkje minst, kva krevst for å betre både effektivitet og fordeling i dei tenestene som vert produserte i desse nettverkssektorane?

 

Om bidragsytarane  

Dag Harald Claes har dr.polit.-graden frå Universitetet i Oslo og er professor i statsvitskap, med internasjonal politikk som fagfelt. Han har tidlegare vore tilsett ved Fridtjof Nansens institutt og ved Arena-programmet. Han er professor II ved Høgskolen i Molde.
 

Per Kristen Mydske er professor ved Universitetet i Oslo. Mydske har vore tilsett ved Institutt for statsvitskap frå 1982. Hans faglege kompetanseområde er blant anna offentleg politikk og administrasjon (lokalt og regionalt), norsk og nordisk regionalpolitikk, by- og regionalplanlegging, miljøforvaltning, stat og marknad. Mydskes forskingsprosjekt no er politikkens vilkår i det nyliberale samfunnet.

Silvia Olsen er statsvitar frå Universitetet i Oslo og har vore tilsett som forskar ved Transportøkonomisk institutt sidan 2005. Ho har gjennom deltaking i nasjonale og internasjonale prosjekt arbeidt med problemstillingar knytte til organisatoriske løysingar, implementering og styring innanfor transportsektoren.

Lars Aksnes er sjef for styringsstaben i Statens vegvesen, Vegdirektoratet. Aksnes har i periodar også fungert som vegdirektør.

Styringsstaben ved Statens vegvesen har desse hovudoppgåvene:
-Hjelpe vegdirektøren med å utvikle og styre Statens vegvesen samla.
-Sikre at løpande styringssignal frå overordna styresmakt blir tatt hand om i organisasjonen.

 

Thomas Boe Hornburg er politisk journalist i Aftenposten. Han er tidlegare redaktør i Aftenposten, administrerande direktør i Aftenposten Multimedia og HR-direktør i Schibsted-konsernet. Hornburg er utdanna økonom og idehistorikar.

 

 

Arrangør

Partnerform
Emneord: Forvaltningspolitikk, Samferdsel
Publisert 5. des. 2011 08:55 - Sist endra 12. des. 2018 18:10