Statlege IKT-prosjekt: korleis sikre betre gjennomføring?

Frukostmøte om utfordringar i statlege IKT-prosjekt.

Risikoen for å mislykkast er stor. Kva kjenneteiknar prosjekt som lykkast?

Vi ser på metodikken og styringa i statlege IKT-prosjekt, og spør: korleis kan vi sikre betre gevinstrealisering i statlege prosjekt?

Program

07:45 Registering og frukostservering
08:10 Velkommen ved Partnerforums sekretariat
08:15 Erfaringer fra Prosjektveiviseren. Veien videre? (pdf) 
         Jens Nørve, prosjektleder Prosjektveiviseren.no/Difi
08:35 Case: erfaringer og råd fra Helse Sør-Øst (pdf)
          Inger Marie Finborud, spesialrådgiver i Helse Sør-Øst  
08:50 Å lykkes med prosjekter - gjennom vesentlige rolleavklaringer (pdf)
          Anne Live Vaagaasar, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI
09:20 Diskusjon. Diskusjonsleiar: 
         Gry Hamarsland, seksjonssjef ved Direktoratet for økonomistyring 
10:00 Slutt

Om seminaret - bakgrunn

Forskinga peikar på at risikoen for å mislykkast med IKT-investeringar er stor; heile 50–70 % av igangsette prosjekt leverer ikkje venta resultat. Mens prosjekt som lykkast, er kjenneteikna av god planlegging, tydeleg leiing og tett oppfølging, er offentleg sektor prega av stor variasjon i kompetanse og evne til å gjennomføre e-forvaltningsprosjekt.

Vi får ein presentasjon av Prosjektveiviseren.no, som blei etablert i 2009 for å bidra til å styrkje kvaliteten i offentlege IKT-prosjekt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Kva seier Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) om erfaringane så langt? Helse Sør-Øst er invitert for å dele av sine erfaringar. Vi får deretter ein forskarkommentar frå Handelshøyskolen BI og avsluttar med ein diskusjon med høve til innspel frå salen.
Program (PDF)

Om bidragsytarane

Jens Nørve er prosjektleiar for Prosjektveiviseren.no, og tilsett i Difi ved avdeling for IT-styring og samordning. Han arbeider med ulike prosjekt knytte til samarbeid og samhandling på tvers i offentleg sektor. Nørve har tidlegare jobba 7–8 år med IT-styring og koordinering i Telenor, bl.a. som direktør for "konsern IT-strategi" og "Compliance officer-IKT".

 

Inger Marie Finborud er spesialrådgivar i porteføljeverktøy og metode på avdelinga Teknologi og eHelse ved Helse Sør-Øst. Helse Sør-Øst har tatt i bruk prosjektverktøyet Clarity, og verktøyet gir høve til interaksjon mellom program, prosjektleiar og andre involverte. Verktøyet er ein del av eit felles, regionalt rammeverk for prosjekt, program og porteføljestyring (PPM). Finborud har leitt arbeidet med å ta i bruk PPM i regionen.
 

Anne Live Vaagaasar er førsteamanuensis i prosjektleiing ved Institutt for ledelse og organisasjon på Handelshøyskolen BI. Vaagaasar er ansvarleg for ulike program på Master of Management og Bachelor of Management i prosjektleiing ved BI. Ho underviser og forskar på ulike tema innanfor prosjektleiing knytte til prosjektorganisering og gjennomføring, og kunnskapsutvikling og læring i prosjektsamanheng. Vaagaasar arbeider no mellom anna med eit fireårig forskingsprosjekt om organisering av store offentlege prosjekt som blir gjennomført i samarbeid med Norsk Senter for Prosjektledelse, Statsbygg og Jernbaneverket.
Gry Hamarsland er seksjonssjef for samfunnsøkonomisk analyse og evaluering i Direktoratet for økonomistyring. Seksjonen har også ansvar for gevinstrealisering og statlege prosjekt. Før ho kom til DFØ, arbeidde ho ni år i Econ analyse med prosjekt som arbeidsform.
 

 

Arrangør

Partnerforum
Emneord: IKT, Styring, Ledelse
Publisert 23. feb. 2012 14:46 - Sist endra 12. des. 2018 18:11