Prisgitt EU? Vurderingar frå forskarhald

ARENA Senter for europaforsking ved Universitetet i Oslo og Partnerforum inviterer til fagleg påfyll om EU og utviklinga i Europa. Med fredspristildelinga som bakteppe ser vi på utviklinga i Europa og spør korleis den norske forvaltninga må tilpasse seg EU.

Program

07.45 Registrering og frukostservering
08.10 Velkommen ved Partnerforums sekretariat
08.15 Europeisk temming av nasjonalstatene? (pdf)
          Erik Oddvar Eriksen, professor
08.30 EU-kommisjonen som motor i administrativ integrasjon 
          Morten Egeberg, professor
08.45 Avparlamentarisering i Europa? (pdf)
         John Erik Fossum, professor  
09.00 Utvidelse som virkemiddel for fred og stabilitet (pdf) 
          Helene Sjursen, forskingsprofessor
09.15 A citizen revolt? Increased EU-scepticism across Europe (pdf) 
          Asimina Michailidou, postdoktor
09.30 Diskusjon leidd av Sten Inge Jørgensen, journalist i Morgenbladet
 

Om seminaret

Den 12. oktober annonserte Den Norske Nobelkomite at årets Nobels Fredspris blir tildelt Den europeiske unionen (EU). Nobelkomiteens grunngjeving er at Unionen og forløparane gjennom meir enn seks tiår har bidrege til å fremje fred og forsoning, demokrati og menneskerettar i Europa.

Med fredsprisen og eit EU i økonomisk og politisk krise som bakteppe inviterer ARENA og Partnerforum til frukostmøte med forskarar sine synspunkt på EU som politisk aktør i Europa og resten av verda.

Forvaltinga er heilt sentral for å handtere Noregs forhold til EU. Det er avgjerande at norske tenestemenn i departement og etatar har god kjennskap til korleis EU utviklar seg og kva det har å seie for vårt land. Det at EU er i økonomisk og politisk krise, men samstundes får fredsprisen, gir oss eit høve til å diskutere EU på ein litt annan måte: i skjeringspunktet mellom den dagsaktuelle utviklinga og nokre av dei lange linjene i det europeiske samarbeidet.

Velkommen til ein EU-frukost bak morgonavisenes overskrifter!

 

Om dei medverkande

Erik Oddvar Eriksen er professor og senterleiar ved ARENA. Eriksens forskingsområde er i hovudsak politisk teori, demokratisk styring (governance), offentleg politikk, europeisk integrasjon og føresetnadene for postnasjonalt demokrati.

Morten Egeberg er professor i statsvitskap (offentleg politikk og administrasjon) og knytt til Institutt for statsvitskap i tillegg til ARENA. Egebergs faglege interesseområde er verdien av organisatoriske faktorar i politiske system, dvs. forholdet mellom organisasjons- og institusjonsformer på den eine sida og avgjerdsprosessar på den andre sida, og korleis organisasjons-/institusjonsformer sjølve vert endra. Fokus er i denne samanhengen særleg på nasjonal forvalting, EU-kommisjonen, EU-byrå og deira samhandling med nasjonal administrasjon.

John Erik Fossum er professor ved ARENA. Han har doktorgrad i statsvitskap frå University of British Colombia, Canada. Fossums faglege interesseområde er politisk teori, EU og konstitusjonalisme, europeisering og internasjonal integrasjon.

Helene Sjursen er forskingsprofessor ved ARENA. Ho har tidlegare førelese i statsvitskap ved University of Glasgow og University College Dublin. Sjursen har doktorgrad i internasjonale relasjonar frå London School of Economics and Political Science (LSE). Sjursens faglege interesseområde omfattar mellom anna EU som ein internasjonal aktør, EUs utanriks- og tryggingspolitikk og EU-utvidingar. Ho var medlem av den regjeringsoppnemnde Europautredningen frå 2010. Utgreiinga gjorde ein gjennomgang av EØS-avtalen og andre avtalar Noreg har med EU.

Asimina Michailidou er postdoktor ved ARENA og har ein PhD i politisk kommunikasjon frå Loughborough University. Michailidous faglege interesseområde er i hovudsak politisk kommunikasjon og offentlege kommunikasjonsstrategiar i transnasjonale organisasjonar, nettmedia og deira innverknad på politikk, særleg i forhold til EU, globalisering og politisk aktivisme.

Sten Inge Jørgensen er utanriksjournalist i Morgenbladet. Han har skrive fleire bøker om internasjonale spørsmål, mellom anna ’Vesten mister grepet’ (2007) og ’Globale utfordringer’ (2010). Han arbeider no med ei ny bok om Tyskland.

 

 

Arrangør

ARENA og Partnerforum
Emneord: Internasjonalt, FoU
Publisert 25. okt. 2012 10:50 - Sist endra 17. apr. 2019 13:52