Føre var og etter snar?

Frukostmøte om tilsyn, beredskap og samhandling.

Frukostmøtet tok for seg tilsynsrollen og korleis den bidreg til kor godt landet er førebudd. Er Noregs beredskap godt nok sikra gjennom tilsyn, og klarer tilsynsmakta å få folk til å forstå at brot på plikt til førebyggjande arbeid er like alvorleg som sviktande evne til krisehandtering?

Vi såg også på samhandlinga mellom tilsynsorgana. Fungerer denne koordineringa godt nok – i førebyggjande arbeid og ved akuttsituasjonar?

 

Program

07:45  Registrering og frukostservering.
08:00  Velkommen ved Partnerforums sekretariat.
08:05  Samfunnstryggleik i ein fragmentert stat (pdf).  
          
Per Lægreid, professor, Universitetet i Bergen.
08:45  Kommentar frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (pdf).
           Per Kristen Brekke, avdelingsdirektør, DSB.
09:00  Kommentar frå Klima- og forureiningsdirektoratet

           Bjørn Bjørnstad, avdelingsdirektør, Klif.
09:10  Kommentar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (pdf).
           Arthur Gjengstø, seksjonssjef, NVE.
09:20  Diskusjon.
           Leidd av Tormod Rødsten, seniorrådgivar, Direktoratet for forvaltning og IKT.

 

Om dei medverkande

Bjørn Bjørnstad har sidan 2011 vore avdelingsdirektør i tilsynsavdelinga ved Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif). Han er cand. scient. i geologi frå Universitetet i Oslo. I tillegg til mangeårig leiarerfaring frå Klif/SFT har Bjørnstad bl.a. bakgrunn som spesialetterforskar i Økokrim og dagleg leiar i eige konsulentfirma. Han har også internasjonal erfaring frå EU-arbeid med forureina grunn og sediment, og med tilsyn.

Per Kristen Brekke er avdelingsdirektør ved Avdeling for analyse og nasjonal beredskap i Direktoratet for samfunnssikring og beredskap (DSB). Brekke har bakgrunn frå Sjøforsvaret og har gjort teneste i fleire NATO-stabar. Han har ein variert bakgrunn frå Forsvarsdepartementet og Justisdepartementet. I dag femner hans fokusområde bl.a. om understøtting av Justisdepartementet i deira samordningsrolle; oversikt over risiko og utsette område i samfunnet; analysar og evalueringar; å planleggje og gjennomføre store øvingar; rådgiving ved krisehandtering; sivilt-militært samarbeid; førebyggjande samfunnssikring; og koordinering av sivil krisehandtering overfor NATO, EU og FN.

Arthur Gjengstø er leiar for beredskapsseksjonen i NVE, med ansvar for regelverk og tilsyn med 200 energiselskap her i landet. Han er utdanna statsvitar og har erfaring frå leiarstillingar i Direktoratet for samfunnssikring og beredskap, frå Justisdepartementet og som sekretariatsleiar for Sårbarhetsutvalget.

Per Lægreid er professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. I forskinga si har Lægreid særleg vore oppteken av administrative reformer, forvaltningspolitikk og institusjonell endring. Han har også arbeidt med problemstillingar knytte til fleirnivåstyring og samfunnstryggleik. Han er ein av dei norske samfunnsvitarane som er mest produktive internasjonalt. Rett før 22. juli 2011 publiserte han boka “Organisering, samfunnssikkerhet og krisehåndtering” (saman med Anne Lise Fimreite, Peter Lango og Lise Hellebø Rykkja). Problemstillingane der har fått både aktualitet og merksemd i etterkant av utgreiinga frå 22. juli-kommisjonen. I innleiinga vil Lægreid vurdere både diagnosen til kommisjonen og medisinen dei foreslo.

Tormod Rødsten er seniorrådgivar i Direktoratet for forvaltning og IKT. Han er utdanna samfunnsøkonom og har lang og brei erfaring frå sentralforvaltninga. Han har arbeidt med statlege tilsyn og beredskap på området helse, miljø og tryggleik både som leiar og i samband med utgreiingar om og evalueringar av statlege tilsynsordningar, m.a. styring, organisering, finansiering og samhandling mellom tilsynsetatar.

 

 

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Styring, Forvaltningspolitikk, Sikkerhet
Publisert 27. sep. 2012 16:13 - Sist endra 29. okt. 2015 10:22