Endringsleiing og leiingsendring

Styrt organisasjonsendring er ein prosess som ofte går på tvers av hierarkiske inndelingar. Mange organisasjonar er likevel ikkje i stand til å gjennomføre tverrgåande prosjekt.

Partnerforum inviterte til frukostmøte om endringsleiing.

Endringsleiing byggjer på ei tru på at det går an å styre organisasjonsendringar. Det vert brukt mykje tid og energi på å planleggje endringsprosjekt i offentleg sektor. Det vert teikna nye organisasjonskart, og ansvar vert omfordelt. Men det ser ut til å vere stor mangel på implementeringskraft. Skal eit endringsprosjekt gi resultat, krev det meir enn intellektuell forståing. Styrt organisasjonsendring er ein prosess som ofte går på tvers av hierarkiske inndelingar. Mange organisasjonar er likevel ikkje i stand til å gjennomføre tverrgåande prosjekt.

På Partnerforums frukostmøte spør vi: Kva er nyttige rammeverk for handtering av styrt endring? Korleis sikrar vi at ein når ut med informasjon ved store endringar og implementeringar? Korleis kan vi byggje ein kapasitet som lettar arbeidet med planlegging, organisering og evaluering av endringar? Eller er det dei hypotesane slike spørsmål byggjer på, som er hovudproblemet?

Program

07:45 Registrering og frukostservering
08:10 Velkommen ved Partnerforums sekretariat
08:15 Endringsledelse og ledelsesendring (pdf)
          Øivind Revang, professor ved Handelshøyskolen BI
09:00 Endringsledelse i praksis:  Flyttingen av Konkurransetilsynet til Bergen (pdf)
          Knut Eggum Johansen, spesialrådgiver i
          Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
09:30 Diskusjon leidd av Marit Skaar Reiersen,
          avdelingsdirektør i Direktoratet for forvaltning og IKT

 

Om bidragsytarane  

Øivind Revang er professor i endringsleiing ved Handelshøyskolen BI. Han er utdanna siviløkonom frå BI og Ekonomie Doktor i Industriell Organisasjon frå Universitetet i Linköping (1985). Han har leidd Institutt for ledelse og organisasjon (1986–1989) og seinare Institutt for strategi og logistikk (2000–2006). Han var dekan for doktorgradsstudiet (2006–2011). Han har vore arkitekt, fagleg ansvarleg og medansvarleg for ei rekkje bedriftsinterne Management Programs; i DnB, Gjensidige, Odfjell Drilling, Aker Solutions, Statoil, SAS, Olympic Shipping m.fl.. Han er fagleg medansvarleg for BIs management-program i endringsleiing, eit program som til hausten startar opp for 20. år på rad. Saman med professor Bjørn Hennestad har han skrive boka “Endringsledelse og ledelsesendring”. I forskinga si har han vore særleg opptatt av organisasjons- og leiingsprinsipp i ein postindustriell kontekst. Webside (http://oivind.revang.name).

Knut Eggum Johansen er i dag spesialrådgivar i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. I perioden 1999–2011 var han konkurransedirektør og hadde ansvaret for flyttinga av Konkurransetilsynet til Bergen. Eggum Johansen er cand.oecon. fra Universitetet i Oslo og har også lang fartstid frå ulike avdelingar i Finansdepartementet, på slutten av 1990-tallet som leiar (ekspedisjonssjef) for departementets Administrasjonsavdeling.  Eggum Johansen har lenge interessert seg  for effektivitet og leiing i offentleg forvaltning. Eit av prosjekta han jobbar med i FAD er å skrive om flyttinga av Konkurransetilsynet sett  fra leiinga sitt perspektiv. "Kva blei gjort smart? Og kva kunne vært gjort endå smartare?".
Marit Skaar Reiersen er fagkoordinator på området leiing, kompetanse ogorganisering i Avdeling for leiing og organisering, LEO, i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Reiersen er utdanna cand.polit. frå UiO. Ho kom til Difi ved etableringa i 2008, frå stilling som avdelingsdirektør i Arbeidsgivarpolitisk avdeling i FAD, der ho hadde ansvar for personal, organisasjon og leiing. Ho har i mange år arbeidt med statlege omstillingar i heile statsforvaltninga. Reiersen har også jobba somkonsulent i eige firma.

 

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Ledelse, Styring
Publisert 21. mars 2013 11:06 - Sist endra 19. des. 2017 16:38