Idéarbeid i forvaltninga – frå idéar til nye prestasjonar

Korleis arbeider forvaltninga med å utvikle og realisere idear? Kva kjenneteiknar verksemder som verkeleg klarer å få fram dei gode ideane og dei innovative løysingane?

Alle verksemder, både private og offentlege, må stadig utvikle seg og arbeidsmetodane sine for å bli betre. Departement og direktorat må utvikle eigne prosessar for læring, organisering og nyskaping, anten det handlar om utviklinga av ein ny politisk strategi eller eit nytt sett med verkemiddel. Mange har også eit sektoransvar som omfattar styring av offentlege institusjonar – institusjonar som heile tida vert stilte overfor nye krav når det gjeld god, effektiv og kostnadssvarande leveranse av tenester.

Korleis arbeider forvaltninga med å utvikle og realisere idear? Kva kjenneteiknar verksemder som verkeleg klarer å få fram dei gode idéane og dei innovative løysingane?

Program

07.45  Registrering og frukostservering

08.00  Velkommen ved Partnerforums sekretariat

08.05  Hvordan leder du idéarbeid som gir ekstraordinære resultater?  (Pdf)
           
ved Arne Carlsen, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI.

09.00  Kommentar ved Per Koch, Innovasjon Norge.

09.15  Kommentar (pdf) ved Trond Fevolden, departementsråd, Kunnskapsdepartementet.

09.30  Diskusjon leidd av Thomas Hoholm, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI.

10.00   Slutt
 

Innhald – bakgrunn

Arne Carlsen leidde eit team av norske og internasjonale forskarar som gjennomførte ein omfattande studie i seks utvalde og svært ulike organisasjonar: Snøhetta, Statoil, Advokatfirmaet Thommessen, Thompson Reuters Point Carbon, SpareBank 1 og Aftenpostens A-magasinet. Forskinga er gjort over fire år og omfattar over 200 djupintervju, 500 timar observasjon og eit 20-tal arbeidsmøte for å samanlikne praksis og diskutere funn.

Resultata frå studien blir presentert i boka Idea Work. Carlsen vil på Partnerforum sitt frukostmøte presentere dei viktigaste funna frå denne forskinga, som mellom anna viser praksisar og kvalitetar ved idéarbeid som skaper ekstraordinære idear.

Vi spør om det er mogleg å jobbe slik også i offentleg sektor? Kva handlingsrom har forvaltninga? Kva kan offentleg og privat sektor lære av kvarandre?  

 

Om bidragsytarane

Arne Carlsen er førsteamanuensis ved Institutt for ledelse og organisasjon ved Handelshøyskolen BI. Han har brei erfaring som oppdragsforskar og har styrt prosjektet «Idea Work». Forskinga hans tar for seg drivkrefter og praksis for vekstprosessar og ekstraordinær skaparkraft i organisasjonar. Carlsen har publisert i leiande internasjonale journalar, handbøker og bøker om positive organisasjonsendringar, identitetsforming, håp, undring, kunnskapsleiing og kvalitativ forskingsmetodikk.

Per Koch er spesialrådgivar i Innovasjon Norge. Han har tidlegare vore prosjektleiar i Kunnskapsdepartementet, direktør for analyse og strategiutvikling i Forskingsrådet og forskar og leiar ved forskingsinstituttet STEP, seinare NIFU STEP. Koch har også leitt PUBLIN, om innovasjon i offentleg sektor, eit prosjekt under EUs femte rammeprogram. Han er utdanna idéhistorikar.

Trond Fevolden er utdanna statsvitar og har sidan 1992 vore departementsråd i det som i dag er Kunnskapsdepartementet. I tillegg til lang leiarerfaring frå offentleg forvaltning har Fevolden brei forskarrøynsle. Han har publisert ei rekke artiklar og rapportar om offentleg organisasjonsutvikling og har blant anna arbeidt ved Norsk institutt for by- og regionforskning.

Thomas Hoholm, er førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI. Forskingsfelta hans inkluderer organisasjonar, innovasjon og innovasjonsleiing, entreprenørskap og kunnskap/læring.

 

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Innovasjon, HR og kompetanseutvikling, Ledelse
Publisert 17. okt. 2013 11:37 - Sist endra 12. des. 2018 18:11