Korleis kjempe mot korrupsjon?

På Partnerforums andre frukostmøte i 2014 såg vi på korleis forvaltninga kan fange opp og kjempe ned korrupsjon i eigne rekker og i samhandling med andre.

Om frukostmøtet

Partnerforum har tidlegare, i ei eiga seminarrekkje om etikk, behandla tema omkring varsling.

På dette frukostmøtet presenterte professor Petter Gottschalk ved Handelshøyskolen BI ny forsking rundt korrupsjon og gransking av dette. Han peikte m.a. på at granskingsrapportar kan innehalde meir eller mindre grunnlause skuldingar mot enkeltpersonar, som dermed får svarteper utan å kunne forsvare seg.

Det er ikkje gitt at vi har ei felles oppfatning av kva korrupsjon eigentleg er, og kvar grensene for lovbrot går. Er det rom for skjønn? Konstituert statsadvokat Guro Hansson Bull ved Oslo statsadvokatembeter kasta lys over etiske og juridiske aspekt ved omgrepet korrupsjon.

Dessutan fortalde spesialrådgivar i Transparency International Norge, Tor Dølvik, om utvikling av verktøy som offentlege verksemder kan bruke for å verne seg mot korrupsjon. Han gav også døme på samarbeid mellom Transparency International Norge og offentlege verksemder om utvikling av bl.a. interne retningslinjer for nedkjemping av korrupsjon.

Program

07.40 Registrering og frukostservering

08.00 Velkommen ved Partnerforums sekretariat

08.05 Svarteperteori – om gransking og bekjempelse av korrupsjon i offentlig
          forvaltning 
          Petter Gottschalk, professor, Handelshøyskolen BI

08.50 Hva er korrupsjon? (pdf)
          Guro Hansson Bull, konstituert statsadvokat, Oslo statsadvokatembete

09.10 Samarbeidsformer og verktøyutvikling (pdf)
          Tor Dølvik, spesialrådgivar, Transparency International Norge

09.30 Diskusjon leidd av:
          Trygve Olavson Laake, fagdirektør, Direktoratet for forvaltning og IKT

10.00 Slutt

Program i pdf.

Om bidragsytarane

Petter Gottschalk har vore administrerande direktør i Statens kantiner, Norsk Informasjonsteknologi, ABB Datakabel og Norsk Regnesentral. Han er utdanna siviløkonom frå Tyskland, har mastergrad frå USA og doktorgrad frå England. Han har forska på politi og kriminalitet i fleire år og blir ofte brukt av media til å kommentere aktuelle saker. Gottschalk er fagansvarleg for "Ledelse og økonomisk kriminalitet" og "Økonomisk kriminalitet – ledelse og samfunnsansvar" på BI. Hans siste bok er Strategisk gransking, som kom ut i 2013.

Guro Hansson Bull er konstituert statsadvokat i Oslo statsadvokatembete. Ho har tidlegare arbeidt som politiadvokat i Oslo politidistrikt og vore dommarfullmektig i ca. 2 år på Eidsvoll og i Follo. Bull har i tillegg arbeidt i 8 år i Utanriksdepartementet si rettsavdeling, der ho i hovudsak arbeidde med anti-korrupsjonsspørsmål og EØS-rett. I samband med det var ho leiar for den norske delegasjonen ved FN-forhandlingane om FN-konvensjonen mot korrupsjon, og dessutan leidde ho den norske delegasjonen til OECDs arbeidsgruppe mot smørjing.

Tor Dølvik er statsvitar og jobbar som spesialrådgivar for Transparency International Norge. Han har lang og brei erfaring frå kommunesektoren, som prosjektleiar for ei rekkje utgreiings-, utviklings- og evalueringsprosjekt, både som forskar, konsulent og medarbeidar i Kommunaldepartementet og Oslo kommune. Han har arbeidt i TI-Norge sidan april 2012.

Trygve Olavson Laake er fagdirektør i avdeling for offentlege innkjøp i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Laake er jurist frå UiO, og Licencié spécial en droit européen frå Université Libre de Bruxelles. Han har blant anna jobba som Legal officer i EFTAs overvakingsorgan ESA, og som partnar og forretningsadvokat i mange år. Han skreiv kapitlet 'Lovens lange arm' i boka Verdivalg i hverdagen – Om å holde sin sti ren (2008). Han har arbeidt med offentlege innkjøp sidan 1986.

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Juss, Etikk
Publisert 15. mai 2014 10:50 - Sist endra 19. des. 2017 16:40