Klimapanelet sine konklusjonar og konsekvensar for forvaltninga

I starten av november set FNs klimapanel punktum for den femte hovudrapporten.

Då legg panelet fram ein syntese av dei tre tidlegare delrapportane, og viser styresmaktene rundt om i verda dei viktigaste konklusjonane og samanhengane mellom utslepp, klimaendringar, konsekvensar for natur og samfunn, utsleppskutt, samfunnsendringar og tilpassing. Rapporten vil vere det viktigaste klimafaglege grunnlaget i internasjonale forhandlingar under toppmøtet i Paris i 2015.

Program

08:00     Registrering og frukostservering
08:30     Velkommen ved Partnerforums sekretariat
08:35     Synteserapporten fra FNs klimapanel: utfordringer og muligheter (pdf)
              Karen O’Brien, professor, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi,
              Universitetet i Oslo
              Jan S. Fuglestvedt, forskingsleiar, CICERO Senter for klimaforsking
09:15     Hvordan kan Norge bli et lavutslippssamfunn? Utfordringer og muligheter,
              sektor for sektor. (pdf)
              Audun Rosland, direktør for klimaavdelinga i Miljødirektoratet
09.40     Diskusjon: Hvordan berører klimautfordringen de ulike samfunnssektorene
              i Norge?
              Ordstyrar: Aslak Bonde, politisk analytikar
10:30     Slutt

Program i pdf.

Om frukostmøtet

I første del av frukostmøtet presenterer to av klimapanelets norske forfattarar konklusjonane i synteserapporten. Karen O'Brien frå Universitetet i Oslo og Jan Fuglestvedt ved CICERO Senter for klimaforsking har jobba med fleire delar av femte hovudrapport og kjenner diskusjonane og innhaldet svært godt. Med ulik fagleg bakgrunn – ein samfunnsvitar og ein naturvitar – vil dei to i ein felles presentasjon gi deltakarane kortversjonen av klimaproblemet og diskutere kva som skal til for å unngå dei mest alvorlege konsekvensane.

Under del 2 av frukostmøtet vil Miljødirektoratet leggje fram dei viktigaste funna frå ein fersk rapport om korleis Noreg si utvikling mot eit lågutsleppssamfunn kan bli. Denne rapporten ser blant anna på kor store utsleppskutt som er moglege innan 2025/2030 i kvar samfunnssektor, for å kunne nå togradersmålet. Korleis kan Partnerforums medlemmer best råd er gripe fat i klimautfordringa? Korleis skal vi bidra til reduserte utslepp i eigne sektorar og saman ta del i omstillinga mot eit lågutsleppssamfunn?

Til slutt set vi av 45 minutt til diskusjon mellom innleiarar og seminardeltakarar, leidd av ordstyrar Aslak Bonde. Det er innanfor sektorar og verksemder ein får kjenne konsekvensane, og det er her sjølve skiftet til lågkarbonsamfunnet vil skje. Vi spør: Kva betyr klimapanelet sine konklusjonar for ulike sektorar? Kva er barrierane mot og utsiktene til ei omstilling, kva rolle spelar dei politiske rammevilkåra? Korleis går vi frå tankar, konklusjonar og tilrådingar til handling? Kor vil vi som samfunn vere i 2030 eller i 2050, og korleis vil du beskrive din sektor i dette framtidsbiletet?

Dette frukostseminaret set av spesielt mykje tid til dialog, og vi håpar det blir eit fint høve for mange til saman å kunne reflektere over viktige spørsmål og dele erfaringar og kunnskap med andre deltakarar.

Om bidragsyterne

Karen O’Brien er professor ved Universitetet i Oslo. Ho har vore ein av hovudforfattarane for klimapanelet sin delrapport 2, om verknader, tilpassing og sårbarheit, og er med i forfattarteamet bak synteserapporten.

Jan S. Fuglestvedt er forskingsleiar ved CICERO Senter for klimaforsking. Han har mellom anna vore ein av hovudforfattarane for klimapanelet sin delrapport 1, om det naturvitskaplege grunnlaget, og er medlem i forfattarteamet bak synteserapporten. Fuglestvedt var også bidragsytar til delrapport 3, om tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar.

Audun Rosland er direktør for klimaavdelinga i Miljødirektoratet og var tidlegare fagdirektør i Klima- og forureinsingsdirektoratet. Han var fungerande forhandlingsleiar for Noreg under klimaforhandlingane i 2010–11. Rosland har dessutan vore prosjektleiar for blant anna utvikling av eit system for klimakvotar for Noreg, i regi av Statens forureinsingstilsyn. Han er utdanna cand. agric. (M.Sc.) ved (tidl.) Universitetet for miljø- og biovitskap, Ås.

Aslak Bonde har arbeidt ti år i Aftenpostens politiske avdeling og ti år i NRK Dagsnytt. Frå 2002 har han jobba som frittståande politisk analytikar og leiar av konferansar og debattar. Bonde skriv kvar veke politiske analysar i Morgenbladet og i Ukeavisen. I tillegg skriv han med jamne mellomrom om norsk politikk i Kommunal Rapport, Energi, Forum og Analys Norden. Bonde har hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo og ein Mastergrad i journalistikk frå School of Journalism ved Columbia University i New York.

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Klima og miljø, Forvaltningspolitikk
Publisert 1. okt. 2014 16:16 - Sist endra 2. juni 2015 14:26