Anskaffingar – frå administrasjon til strategi

Gode anskaffingar stiller nye krav til både leiarar og medarbeidarar i det daglege arbeidet.

Ei strategisk tilnærming til anskaffingar kan gi betre tenester, meir samhandling og betre resultat.

Kva kjenneteiknar ein god prosess for anskaffingar? Offentlege anskaffingar har gått frå å vere eit passivt, administrativt område til å bli strategisk viktig – området er prega av ei rask utvikling. I staden for å vere eit nødvendig vonde, kan anskaffingsfeltet verte ein døropnar for kreative, offentlege løysingar som kan gi betre tenester og produkt. Det offentlege brukar kvart år over 400 mrd. kroner på kjøp av varer og tenester. Ein open og dialogbasert anskaffingsprosess kan spare det offentlege for store summar.

Kva skal til for å realisere det store potensialet anskaffingar kan gi?

Program

08:00        Registrering og frukostservering.

08:25        Velkommen ved Partnerforums sekretariat.

08:30        Offentlige anskaffelser: Status, utfordringer og muligheter
                 Erland Skogli, Menon

08:50        Det offentlige i en ny rolle. Anskaffelser som invitasjon til samskaping 
                 Marit Holter-Sørensen,seksjonsleder, Difi

09:10        Anskaffelser og innovasjon i NAV
                 Hege Brinchmann, NAV

09:30        Anskaffelse – en  affärsfunktion under dramatisk utveckling
                 Håkan Håkansson, professor, Handelshøyskolen BI.

09:55        Diskusjon
                 Leidd av Per Harbø, Nasjonalt program for leverandørutvikling

10:30       Slutt.

Om seminaret

Gjennom å opne opp anskaffingsprosessane og gå i dialog med marknad og brukarar før ein hentar inn tilbod, kan vi utvikle nye løysingar på samfunnsbehova. Vi såg nærmare på korleis organiseringa av arbeidet med anskaffingar har endra seg, og spurde kva som krevst av det offentlege når det framover vert venta at vi jobbar meir innovativt med anskaffingar.

Frykta for å gjere feil kan fort bli eit hinder for gode offentlege anskaffingsløysingar. Difi har ansvaret for å vidareutvikle anskaffingsfeltet og tar til orde for utvikling av ein opnare kultur som i større grad trekkjer vekslar på eksterne ressursar. Når anskaffing vert gjort til eit strategisk verktøy, blir det skapt forventningar om innovasjon i både næringsliv og forvaltning. For det offentlege inneber dette eit meir tydeleg leiaransvar for anskaffing og betre samhandling i heile organisasjonen.

  • Kva er innovative anskaffingar?
  • Kva for kompetanse og leiarutfordringar er det snakk om?
  • Korleis kan offentlege innkjøparar i større grad lære av kvarandre?

NAV har deltatt i Nasjonalt program for leverandørutvikling frå programmet vart starta for 5 år sidan og har bidratt til utvikling av metodikken for innovative anskaffingar. På frukostmøtet fekk vi presentert eit case/døme frå NAV på korleis dei jobbar innovativt med sine anskaffingar, resultat som er oppnådd og dilemma som hefter ved metoden.

Om bidragsytarane

Erland Skogli er partnar i det forskingsbaserte analyse- og rådgivingsselskapet Menon. Han har i 20 år jobba med innovasjon og forholdet mellom offentleg og privat sektor gjennom ulike roller, som leiar i NHO og Virke og som forskar og rådgivar i STEP-gruppen, PWC, EY, inFuture og Menon. Erland har to mastergradar innanfor hv. innovasjonsleiing (MBA) og innovasjonspolitikk. Han arbeider i dag med prosjekt i skjeringsfeltet mellom innovasjon og offentlege anskaffingar, såkalla “innovative, offentlige anskaffelser” (IOA).

Menon er eit analyse- og rådgivingsselskap med 28 tilsette som opererer i skjeringsfeltet mellom næringsliv og politikk. Menon er i dag eit av dei leiande analysemiljøa i landet innanfor offentlege anskaffingar generelt og IOA spesielt.

Marit Holter-Sørensen er seksjonssjef i Avdeling for offentlege anskaffingar i Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi). Ho har ansvar for arbeidet med innovative anskaffingar, samfunnsansvar og leverandørdialog. Holter-Sørensen har tidlegare arbeidt i Nærings- og handelsdepartementet med mellom anna næringsutvikling, internasjonalisering og innovasjon.

Hege Brinchmann leier anskaffingsseksjonen i Arbeids- og velferdsdirektoratet i NAV. Seksjonen har 38 medarbeidarar som utfører sentrale anskaffingar og forretningsjuridiske tenester. Anskaffingsporteføljen omfattar hjelpemiddel, arbeidsmarknadstiltak, IKT, konsulenttenester og administrative varer og tenester. Hege har jobba med utvikling av anskaffingsområdet sidan oppstarten av NAV i 2006. Brinchmann er siviløkonom, og har tidlegare arbeidt i Aetat med blant anna arbeidsmarknadstiltak og økonomistyring.

Håkan Håkansson er professor i International Management ved Institutt for innovasjon og økonomisk organisering, Handelshøyskolen BI. Håkansson har forska på internasjonale bedriftsmarknader sidan 1970 og var i 1976 med på å starte forskingsinitiativet The International Marketing and Purchasing Group (Nordic School of Marketing). Han har publisert ei rekkje artiklar i leiande amerikanske og europeiske fagtidsskrift og mange bøker, bl.a. om innkjøp. Den siste var “Supply Network Strategies”, som Håkansson skreiv saman med Lars-Erik Gadde og Göran Persson.

Per Harbø er tilsett i NHO og er leiar for Nasjonalt program for leverandørutvikling, som NHO, KS og Difi eig i lag. Programmet arbeider for at innovative, offentlege anskaffingar skal gå inn som eit strategisk verkemiddel i moderniserings- og innovasjonsarbeidet. NHO og Kommunesektorens organisasjon, KS, er initiativtakarar til programmet, som vert gjennomført i ein partnarskap av nasjonale innovasjonsaktørar, statlege verksemder, større kommunar og næringsliv.

 

 

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Tjenester, Innovasjon
Publisert 13. mai 2015 14:56 - Sist endra 10. sep. 2015 09:03