Frukost med Bernt: Kjem fascismen tilbake til Europa?

Europa har vore i ei langvarig krise dei siste åra: Finanskrise, arbeidsløysekrise, demokratisk underskot i EU, krav om territoriell separatisme (Katalonia, Skottland), Russlands nye maktstilling og konflikten i Aust-Ukraina, terrorisme i Paris og København – og no ei massiv flyktningkrise.

Vaklar det europeiske statssystemet under desse utfordringane?

Det europeiske ekstremhøgre er på frammarsj. Flyktningmottak blir brende i Tyskland og Sverige. Demokratifallet frå mellomkrigstida vert mana fram igjen. Er det noko å lære av desse erfaringane? Er fascismen i ulike former igjen ein fare i Europa?

Program

08:00      Registrering og frukostservering.

08:30      Velkommen ved Partnerforums sekretariat.

08:35      Kommer fascismen tilbake til Europa? 
               Historiske perspektiver på krisen i den gamle verdensdel (pdf)
               Bernt Hagtvet, professor, Universitetet i Oslo

09:20     Samtale mellom politimeister Hans Sverre Sjøvold og Bernt Hagtvet
                 
              
Diskusjon og spørsmål frå salen
 

Ca. 10:30 Slutt

Om bidragsytarane

(Foto: Scanpix)

Bernt Hagtvet er professor ved Institutt for statsvitskap på Universitetet i Oslo. Hagtvet underviser i politisk teori, menneskeretts- og demokratistudiar, europeisk politikk og fascisme og nynazisme. Hagtvet er oppteken av europeisk politikk. Andre interessefelt er historia til ekstremrørsler og sosiologi og politisk teori. I politisk teori er det særleg demokrati- og menneskerettsstudiar han har konsentrert seg om.

Hagtvet er også kjend for å ha arrangert «Frokost med Bernt» saman med Anders Ravik Jupskås ved Universitetet i Oslo i årevis. Den samfunnsaktuelle frukostserien har vore ein populær møteplass for studentar og andre interesserte. Knut Olav Åmas (som då var kultur- og debattredaktør i Aftenposten) omtala frukostserien som “... en av de viktigste deloffentlighetene i hovedstaden: Flere ganger månedlig møtes flere enn 200 mennesker for å drøfte brennbare problemer i kultur og samfunn: tidlig om morgenen, i to stive timer, med frokost, gratis og åpent for alle”. (Aftenposten, 30.01.09). «Frokost med Bernt» vert no lagt ned etter sju år og om lag 120 frukostmøte.

Hans Sverre Sjøvold er politimeister i Oslo. Han har gått Politiskolen og studert juss, og har vore både patruljerande politi og politifullmektig. Sjøvold var som sivil høgskuleinspektør med på å etablere Politihøgskolen, han har vore avdelingsdirektør i Justisdepartementet, og han har arbeidt i Politidirektoratet. Sjøvold har også vore politimeister i Vestfold og rektor og sjef ved Politihøgskolen. Han var ekspedisjonssjef i Justisdepartementet før han blei leiar for Oslopolitiet. Sjøvold har også ein Mastergrad i leiing frå Bedriftsøkonomisk Institutt (BI) med omstilling og leiingsutfordringar i offentleg sektor, strategisk personalleiing og kvalitetsstyring som særlege tema. På fritida er han m.a. aktiv i Odd Fellow.

 

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Demokrati
Publisert 29. okt. 2015 12:02 - Sist endra 3. des. 2015 12:41