Digital sårbarheit og korleis vi oppfattar risiko

Frukostseminar om risikobilde og risikoaksept.

Kva har mest å seie for at vi skal kjenne oss trygge? Kva truslar er vi villige til å leve med?  

Risikobildet Noreg står overfor i form av datakriminalitet, terrortrugsmål og klimarelaterte hendingar, er velkjent i media. Vi er opptatt av å forstå kva dette fører med seg av utfordringar for statsforvaltninga. Vi byr på tre foredrag; først ein gjennomgang av hovudbodskapen i det digitale sårbarheitsutvalet sin rapport og deretter to foredrag og diskusjon omkring forhold som delvis heng saman:
• Kva slags hendingar har størst psykologisk innverknad på det norske samfunnet, kva fører til at folk føler seg generelt mindre trygge?
• Kva for restrisiko er samfunnet villig til å akseptere?

Program

08:00       Registrering og frukostservering

08:30       Velkommen ved Partnerforums sekretariat

08:35       Sårbarhetsutvalgets rapport. Hovedbudskap og -utfordringer (pdf)
                Video av foredraget. Olav Lysne, professor, Universitetet i Oslo

09:00       Trygghetsfølelse og risikohåndtering i den digitale og den fysiske verden (pdf)
                Video av foredraget. Janne Hagen, NVE/forsker Universitetet i Stavanger

09:30       Risikobilder og risikoaksept – statsforvaltningens utfordringer.
               
Video av foredraget. Arne Johan Vetlesen, professor, Universitetet i Oslo

10.00       Diskusjon – spørsmål og kommentarar
                Diskusjonsleiar Jan Hjelle, ekspedisjonssjef, KMD 
             

                 Slutt 10.30

Om presentasjonane

Olav Lysne, UiO: Det digitale sårbarheitsutvalet, «Lysneutvalget» har gjort framlegg om tiltak for å styrkje beredskapen og redusere den digitale sårbarheita i samfunnet. IKT har skapt store endringar i samfunnet dei siste tiåra. I samfunnet, næringslivet og privat er vi meir og meir avhengige av IKT, og IKT utgjer grunnmuren for all samhandling på tvers av sektorar. Denne utviklinga har gjort IKT til ei strategisk sikkerheitsutfordring.
I foredraget sitt vil Lysne spesielt leggje vekt på forholdet mellom nasjonale og internasjonale avgjerder,
dessutan det motsetningsfylte i relasjonen mellom sikkerheit og personvern.

Jan Hagen, FFI: Det å kunne kjenne seg trygg og handtere risiko i den digitale og den fysiske verda, reiser ei rekkje nye problemstillingar etter kvart som Noreg blir meir og meir digitalisert. I den digitale verda brukar vi berre to sansar, syn og høyrsel – i den fysiske verda fem. Kva betyr dette i forhold til digital og fysisk risikooppfatning og for arbeidet med å utvikle eit trygt digitalt samfunn? Foredraget drøftar nokre slike problemstillingar og tek tilhøyrarane med på ei reis i digitalsamfunnets sårbarheit.

Arne Johan Vetlesen, UiO: Skiljet mellom utilsikta naturkatastrofar og tilsikta terrorhandlingar er nyttig for denne diskusjonen. Det er grunn til å spørje om vi har ein tendens til å undervurdere – bagatellisere, skyve på – det første og overreagere overfor trusselen frå det sistnemnde (overvaking, registrering, unntakslover).
Viss vi i den første kategorien tenkjer på menneskeskapte klimaendringar, vil det å ta dei på alvor, med dei endringane som då blir nødvendige, krevje meir av oss enn å utvide beredskapen overfor terror: den første faren handlar grunnleggjande om livsstilen vår, at den øydelegg naturgrunnlaget; den andre faren kan utplasserast på bestemte “andre” (IS, radikaliserte grupper eller individ) og delegerast til politiet og styresmaktene å ta seg av. Å sjå trugsmåla og årsakene til dei som så ulike, gir ulike responsar.

Om bidragsyterne

Olav Lysne  er professor i kommunikasjonssystem ved Universitetet i Oslo og leiar for Center for Resilient Networks and Applications ved Simula Research Laboratory. Senteret, som er finansiert av Samferdsels-departementet, forskar på robuste løysingar i telekommunikasjonssystem, og det har forskarar frå Simula, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Lysne leidde «Digitalt sårbarhetsutvalg», eit regjeringsnedsett utval som leverte sin rapport til Justis- og beredskapsdepartementet i november 2015.

Janne Hagen er nytilsatt ved NVE/Tilsyns og beredskapsavdelingen, tidlegare forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt, ho har ei bistilling ved Universitetet i Stavanger. Ho leidde «Mørketallsundersøkelsen for datakriminalitet» i 2014. Det siste året har ho også vore medlem av Lysne-utvalet («Digitalt sårbarhetsutvalg»). Janne Hagen har mange år bak seg som forskar, mellom anna på arbeids-felt som samfunnssikkerheit og informasjonssikring. Ho har tidlegare erfaring frå Transportøkonomisk institutt, Naval Postgraduate School, California, Proactima AS og NVE. Utdanna siv.ing. i industriell økonomi, Master of Management i verdiskaping og strategi frå BI, og PhD i Computer Science frå UiO.

Arne Johan Vetlesen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og arbeider særleg med etikk, miljøfilosofi og politisk filosofi. Han er ein aktiv samfunnsdebattant, spaltist i Klassekampen og har vore medlem av fleire offentlege utval, blant anna «Tilregnelighetsutvalget». Har gitt ut tjue bøker, no sist «Studier i ondskap» (2014) og «The Denial of Nature» (2015). Relevant i vår samanheng er også «Angsten for oppdragelse. Dannelse i et samfunnsetisk perspektiv» (2012).

Jan Hjelle er ekspedisjonssjef i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, avdeling for IKT og fornying. Han er utdanna Cand.polit frå Universitetet i Oslo. Departementet er ansvarleg for å koordinere regjeringa sin IKT politikk i offentleg sektor. Departementet har her eit særskilt ansvar for å arbeide for ein styrka og meir heilskapleg tilnærming til informasjonstryggleik i statsforvaltninga. Dette ansvaret omfattar mellom anna val av felles standardar, og krav til bruk av styringssystem for informasjonstryggleik.

 

 

Emneord: Demokrati, Etikk, Sikkerhet, IKT
Publisert 8. mars 2016 15:35 - Sist endra 5. juli 2018 10:10