Ytringsfridom eller lojalitet - kva veg tyngst?

Frukostseminar om varslingsintituttets status i forvaltninga

Vingeklipping (illustrasjon)

(Illustrasjon: Hanne Utigard, UiO)

  • Kva for prinsipielle politiske og normative spørsmål reiser denne debatten, og kvar går utviklinga?
  • I kva grad avdekkjer offentleg tilsette alvorlege kritikkverdige forhold? Kva gjer dei med det,  og kva skjer med sakene og dei som varslar? 
  • Omsynet til stat og forvaltning; når er det legitimt å avgrense den offentleg tilsette sin ytringsfridom? Korleis er rettsutviklinga på området?

Program

Video av foredragene

08:00   Registrering og frukostservering
08:30   Velkommen ved Partnerforums sekretariat
08:30   Ytringsfrihet eller lojalitet: en evig motsetning eller dynamisk relasjon?
            Tore Slaatta, professor og generalsekretær i  Norsk faglitterær forfatter- og  
             oversetterforening
08:45   Den krevende ytringsfriheten  – betraktninger om lojalitetsplikt og identifikasjonsfaren
            Aage Thor Falkanger, Sivilombodsmann
09:05   Når offentlig ansatt varsler Brita Bjørkelo, førsteamanuensis, Politihøgskolen
09:20   Grunnloven, ytringsfriheten og varslervernet – hva nå? Anine Kierulf, forskar, UiO
09:45   Diskusjon og spørsmål med salen leidd av Tore Slaatta
Ca. 10:30 Slutt

Program (PDF)

Om seminaret

Ytringsfridomen i samfunnet er kommen under press, vert det rapportert frå forskarhald, og forholdet mellom staten, som byråkrati og organisasjon på den eine sida, og statleg tilsette som arbeidstakarar og medborgarar på den andre, ser også ut til å spisse seg til.
 
Seminaret tar utgangspunkt i regjeringa sitt forslag til nye varslingsreglar og ein debatt som går om varsling og ytringsfridom i offentleg forvaltning.
• Kva for ein samfunnskontekst bør vi forstå dette i?
• Kva erfaringar har vi her i landet med offentleg tilsatte som varslar?
• Korleis må det rettslege vernet for ytringsfridom og varsling utviklast vidare?

 

Om innleiingane

Tore Slaatta: Staten skal styrast og forvaltninga skal etterleve politiske avgjerder og krav til effektivitet og rasjonalitet. Men forvaltninga skal også vere transparent, open og muleg å kontrollere for andre enn dei som styrer henne. Når samfunnet vert meir komplekst veks også presset på den enkelte sin  lojalitet. Det innleiande foredraget søkjer å setje problemstillinga inn i ei brei, samfunnsforståing og presenterer dei andre innleiarane i panelet.

Aage Thor Falkangers foredrag tar utgangspunkt i klagesaker til ombodsmannen og i en sak av eige tiltak om offentleg tilsette ytringsfridom.

Ombudsmannen har av eget tiltak tatt opp spørsmål om offentlige ansattes ytringsfrihet med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som har ansvar for den sentrale arbeidsgiverfunksjonen i staten. Undersøkelsene har blant annet vist at Etiske retningslinjer for statstjenesten går for langt i å begrense offentlig ansattes ytringsfrihet, og at det er tvilsomt om disse retningslinjene er i overenstemmelse med Grunnloven § 100.

Sivilombodsmannen har samla alle fråsegnene om offentleg tilsette sin ytringsfridom.

Brita Bjørkelo: I kva grad avdekkjer offentleg tilsette alvorlege kritikkverdige forhold? Kva gjer dei med det og kva skjer med saka og den som varslar? Det er sentrale spørsmål som vert diskuterte i innlegget.

Anine Kierulfs foredrag gir ei oversikt over forholdet mellom ytringsfridomen og lojalitetsplikta, og ser på regjeringa sitt ferske framlegg til endring av varslingsreglane i arbeidsmiljølova i dette lyset.

 

Om innleiarane

Tore Slaatta er professor (dr. polit) og generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Han leidde medieforskninga i Makt- og demokratiutredningen, har i en årrekke vore professor ved UiO, og har spesielt arbeidt med ytringsfridom i eit forskningssamarbeid mellom blant andre Institutt for samfunnsforskninng, FAFO og Institutt for media og kommunikasjon ved UiO.

Aage Thor Falkanger er dr. juris og tidlegare professor ved Universitetet i Tromsø. Han har vært dommar i Noregs Høgsterett frå 2010 og har no permisjon frå stillinga der medan han er sivilombodsmann. Han vart vald til sivilombodsmann av Stortinget i 2014.
Brita Bjørkelo er førsteamanuensis ved Politihøgskolen i Oslo. Tidlegare har ho vore tilsett ved Det psykologiske fakultetet på Universitetet i Bergen. Kompetanseområda hennar er leiing, arbeids- og organisasjonspsykologi og profesjonsutdanning. Ho har forska på temaet "varsling av kritikkverdige forhold på arbeidsplassen".

Anine Kierulf er PhD, forskar på ytringsfridom, konstitusjonell rett og domstolar ved Norsk senter for menneskerettar, UiO. Ho har tidlegare vore rådgivar i ytringsfridomsspørsmål for Europarådet, dommarfullmektig ved Ringerike tingrett og senioradvokat i advokatfirmaet Schjødt.

Relaterte lenker

Embedsmannsrollen er ein levning frå fortida, vert det hevda
(http://stavrum.blogg.no/1452077189_statlig_ansatte.html),
NTL; om dei tilsette sin ytringsfridom i faglege spørsmål:
https://www.ntl.no/nyheter?p_document_id=132859,
Arbeidsmiljøsenteret: Ytringsfrihet bør finne sted:
http://www.arbeidsmiljo.no/ytringsfrihet-bor-finne-sted/
 

Partnerforum er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og statlege virksemder. Vi er 23 partnarar som samarbeider om å lage arrangementer om temaer som er aktuelle for statsforvaltninga og det breie offentlege rom. Partnerforum lagar årleg ca. 11 fellesarrangement og eitt seminar for kvar partnar. I fjor bidrog 80 innleiarar for 2000 deltakarar på 20 arrangement.

 

 

Emneord: Ytringsfrihet, demokrati, Juss, Ledelse
Publisert 29. juni 2016 14:09 - Sist endret 19. des. 2017 16:44