Frukost med Bernt: Europa i krise – kvar går Europa i lys av Dreyfus-saka?

Kva skjer? Er demokratiet under press? Kan ein meir enn 100 år gammal rettsskandale gi oss innsikter i dag?

Program

VIDEO
 

08:35 Dreyfus-saken – hvorfor er denne saken så aktuell for oss i dag?

          Bernt Hagtvet, professor emeritus, statsvitskap, UiO

09:35 Kommentar - om Dreyfuss-sakens betydning. Øyvind Østerud, professor i statsvitskap, UiO 
09:50 Diskusjon og spørsmål med salen leidd av Øyvind Østerud

10:30 Slutt
 

Program (PDF)

Påmelding

Åpent frokostseminar. Begrenset antall plasser. Dersom seminaret blir fullbooket opprettes venteliste.

 

Om frukostseminaret

«Et menneskes sak er vår alles sak.» (Georges Clemenceau)

Europa er i krise. Er det alarmistisk å tale om oppløysingstendensar? Nasjonalsjåvinistiske og/eller illiberale parti styrer fleire land (Polen, Ungarn, delvis Tsjekkia og Slovakia). Fleire nærslekta parti vert sterkare: Sverigedemokratene, Dansk folkeparti, Front National, Geert Wilders.

Kan vil lære av historia og tidlegare rørsler med tilsvarande idéinnhald? Dette seminaret tek opp denne problematikken i lys av «L’Affaire» (1894–1906), krystalliseringspunktet for katastrofar i det kommande hundreåret. 

Justismordet på den jødiske armékapteinen Alfred Dreyfus (1859–1935) skapte ei enorm krise i fransk politikk rundt hundreårsskiftet og la grunnen til varige skilje i fransk åndsliv, ja, i Europa i det heile. Vichy-regimet (1940–44) kan ein sjå som anti-dreyfusardane si hemnakt. Og det var ikkje før ut på 1990-talet at den franske generalstaben vedgjekk at dei hadde teke feil mann i 1894.

Dreyfus-saka, dei intellektuelle og Bjørnstjerne Bjørnson som Europas samvit

Saka har avla ein enorm litteratur i og utanom Frankrike og er interessant i seg sjølv, både som historisk, politisk og juridisk drama. Like interessant er Dreyfus-saka som prisme for ei rekkje av konfliktane i samtida – og som forvarsel for dei katastrofane, særleg jødehatet, som skulle komme i det 20. hundreåret.

Saka aktualiserer fleire av dei store spørsmåla i europeisk politikk: 

  • Antisemittismens oppstart og former
  • Ekstremnasjonalismens opphav og makt – kva er ein nasjon og kven skal høyre til?
  • Arbeidarrørsla sitt forhold til demokrati og rettsstandardar
  • Menneskerettane sin plass i staten

Om bidragsytarane

Bernt Hagtvet er professor emeritus frå Institutt for statsvitskap på Universitetet i Oslo. Hagtvet underviser i politisk teori, menneskeretts- og demokratistudiar, europeisk politikk og fascisme og nynazisme. Hagtvet er oppteken av europeisk politikk. Andre interessefelt er historia til ekstremrørsler og sosiologi og politisk teori. I politisk teori er det særleg demokrati- og menneskerettsstudiar han har konsentrert seg om.

Hagtvet er også kjend for å ha arrangert «Frokost med Bernt» saman med Anders Ravik Jupskås ved Universitetet i Oslo i årevis. Den samfunnsaktuelle frukostserien har vore ein populær møteplass for studentar og andre interesserte. Knut Olav Åmas (som då var kultur- og debattredaktør i Aftenposten) omtala frukostserien som “... en av de viktigste deloffentlighetene i hovedstaden: Flere ganger månedlig møtes flere enn 200 mennesker for å drøfte brennbare problemer i kultur og samfunn: tidlig om morgenen, i to stive timer, med frokost, gratis og åpent for alle”. (Aftenposten, 30.01.09). «Frokost med Bernt» vert no lagt ned (2015) etter sju år og om lag 120 frukostmøte.

Øyvind Østerud er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han er Ph.D. fra London School of Economics, og han leidde Makt- og demokratiutgreiinga i perioden 1998–2003. Østerud var også preses i Det Norske Videnskaps-Akademi frå 2008 til 2011, og han var styreleiar ved Institutt for fredsforsking (PRIO) i perioden 2003–2006. Østerud har skrive ei rekkje statsvitskaplege bøker, m.a. om europeisk integrasjon og suverenitet, internasjonale konfliktar og regimetransisjon.

 

 

Emneord: Ytringsfrihet, Internasjonalt Juss, Demokrati, Mangfold og likestilling
Publisert 10. juni 2016 10:50 - Sist endra 6. sep. 2017 14:25